Vinterferien vert langt tryggare om ein er litt pysete

IMG_7737-2– Det er framleis berre februar, og vêret kan skifte fort.

Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook!

Vinterferien betyr for mange ein tur på fjellet, skiturar, kanskje skeiseturar og andre vinteraktivitetar. Då er det viktig å setje sikkerheita høgt. Følg med på vêr- og føremeldingar, og hugs fjellvettreglane!

Med ein temperatur som svingar veldig fort mellom raudt og blått, i tillegg til nedbør og vind, må ein vere forsiktig.

– Det er framleis berre februar, og vêret kan skifte fort. No har me hatt regn heilt opp i fjelltoppane og opne bekkar og elver. Sjølv om det kjem snø eller kulde, må me hugse på kva vêr som har vore tidlegare også, seier operativ leiar i Hordaland Røde Kors Hjelpekorps, Eilev Nysveen.

Det er betydeleg snøskredfare i fjella i Noreg, me har allereie fått sjå kva konsekvensar ras kan ha. Med skiftande temperaturar og nysnø, må ein følgje godt med på kva som er meld. Det same gjeld islagde vatn.

– Sjølv om ein kan gå på isen i eine enden av eit vatn, betyr ikkje det at heile vatnet er trygt. For litt sida såg me til dømes at isen var 30 cm i ein ende av Granvinsvatnet, medan den berre var 5 cm og altså ikkje trygg, i den andre, seier Nysveen.

ta-inn-hele-skjermen-23-02-2017-072925Røde Kors Hjelpekorps står alltid klare til å hjelpe dei som treng det i fjellet, men det er også mykje ein kan gjere for å unngå å komme i den situasjonen. Aller viktigast er det å tileigne seg den kunnskapen som trengs for å ferdast i fjellet. Ein god start er å lese fjellvettreglane.

I tillegg er det viktig å hugse at skiftande vêr også må føre til skiftande planar.

– Turplanlegging er vel og bra, også å ha ein plan B. Er ikkje vêret heilt på topp, må ein spare langturen til det blir det. Halvdårleg vêr vert fort til heildårleg, så ver litt pysete og høyr på vêrvarslinga, seier Nysveen.

Det er det også fordi skiftande vêr kan gjere gamal kunnskap unyttig.

– Mange stader i fjellet, også så høgt som til dømes Finse, er det så lite snø at ein kan få problem med å grave seg ned dersom ein vert fanga i uvêr