Nå må du bestille time på passkontoret  

passFra 1. mars er det definitivt slutt på «drop-in»-timer på passkontorene (politiet).


Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Frå 1. januar var det slutt på at du kunne gå til politiet og få pass uten å ha bestilt time. Men ikkje alle har fått dette med seg, og det har derfor vært mulig å droppa innom. Men dette blir det no slutt på.

Frå 1. mars er det slutt på «drop-in»-timar på passkontora i Bergen, Sotra, Askøy, Os og Nordhordland.

– Vi ønskjer å gi et best mulig tilbod og ha fleire tilgjengelige timer for bestilling og tar derfor no bort timane som var reservert for drop-in kundar.

– Med timebestilling treng ikkje passkundane stå i kø og brukar kort tid på å bestille sitt pass. Ein vanleg kunde er som regel inn og ut av passkontoret på 20 minuttar. Dette gjer også mindre trengsel på parkeringsplassen og inne på kontoret.

Skal du på reise i sommar? Sjekk passet nå!
Høgsesongen for bestilling av pass byrjar tradisjonelt i mai og det kan bli rift om timane. Vi råder alle som skal utanlands på ferie og har behov for pass, å alt nå sjekke at passet er gyldig. Treng du nytt pass er det lurt å bestilla tid nå, før rushtida begynner.

Her kan du bestilla time til nytt pass.

Enkel planlegging med timebestilling
Det er lett å finne ein tid som passar deg med timebestilling. Treng fleire i familien pass kan du bestilla «familietime» for inntil åtte personer samla.

Personar med akutt behov for pass (såkalla naudpass) kan framleis få det på gitte vilkår i passkontoras opningstid.