Os kommune skal sykle til jobben, vil ha deg med

arne-richard_stadaasfoto-erlend_a-_lorentzen_-_os_kommune– Eg har vore stor i munnen og sagt til både Askøy og Fjell kommune at vi skal gruseknuse dei i kilometer sykla.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Når Os kommune no hiv seg på aksjonen Sykle til jobben, er det gratis for alle i kommunen å bli med.

– Vi oppmodar altså eigne tilsette om å ta til sykkelsetet, men også alle andre i Os. Faktisk utfordrar vi dykk, melder Os kommune i ein pressemelding.

 Mange kjenner til aksjonen Sykle til jobben, som Norges Bedriftsidrettsforbund har arrangert sidan 1973. Formålet er likt tittelen, å få fleire til å sykle til jobben. På torsdag 9. februar har vi kick-off. Då kjem vi til å stå på Osøyro og ved Os Amfi for å hanke inn deltakarar. Påmeldinga er no open på sykletiljobben.no, og held seg open fram til aksjonen startar 19. april.

Var stor i munnen, treng hjelp
– Eg har vore stor i munnen og sagt til både Askøy og Fjell kommune at vi skal gruseknuse dei i kilometer sykla, så her er det berre å hive seg på, seier arealplanleggjar og primus sykkelmotor i Os kommune, Arne-Richard Stadaas.

Sykle til jobben varer 60 dagar frå etter påske og til sommarferien. Det er eit mål å komme i betre form, men Sykle til jobben er også eit sosialt tiltak for dei tilsette. Det er premiar for både lag og enkeltdeltakarar, med trekningar kvar veke. Du kan altså vise Jensen på rekneskap kva du er god for, men det er først og fremst deg sjølv du syklar mot!

Deltakarane loggfører aktiviteten sin i appar, eller på Sykle til jobben si nettside. Meir aktivitet gir fleire poeng, som gjer sannsynet høgare for å vinne premiar i tilfeldig trekning. For å få med flest mogleg i aksjonen, går det ikkje an å få meir enn tre poeng per dag. Du treng altså ikkje vere treningsfrikar for å hevde deg!

Ønsker fleire gulrøter
I formannskapssaka for Sykle til jobben trekk administrasjonen også fram færre bilar i nærområda som eit positivt utslag av aksjonen. Der anslår dei at mellom 250 og 500 osingar tar til sykkelen.

Kommunen betaler 43.000 kroner i deltakaravgift for opptil kvar siste osing. Den 7. februar løyvde formannskapet 60.000 kroner til aksjonen frå formannskapet sitt dispensasjonsfond. Dette dekker deltakaravgifta pluss lokale premiar som kjem i tillegg til dei Sykle til jobben loddar ut.

– Kommunen oppmodar lokale bedrifter om å bidra i potten, slik at premiane blir gjævare og oppslutninga større. Eg kjem til å henge over dei og tar ikkje eit nei for eit nei med det første, seier Arne-Richard Stadaas.

Er starten på eit langsiktig arbeid
Os kommune brukar Sykle til jobben som ledd i prosjektet «Robuste, berekraftige sentre i ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion», eit samarbeid mellom kommunane Fjell, Os, Lindås og Meland.

Prosjektet skal mellom anna svare på spørsmålet om korleis vi kan nå dei nasjonale forventningane om at auka transport skal skje kollektivt, med sykkel eller gange. Kommunen har ein sykkelstrategi som beskriv moglege tiltak. Mange av desse er omfattande, og viser ikkje igjen på kort sikt. Sykle til jobben er derimot ein enkel måte å bygge sykkelkultur i kommunen på. Aksjonen inngår i eit langsiktig arbeid for betre folkehelse, miljø og ein meir attraktiv kommune å bu i.