Hans Marius Andersen tilbake på jazzkafé

hans-marius-1280x720Og sist han spilte opp i Oseana, tok det helt av.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Laurdag 11. februar er det igjen klart for jazzkafé på Oseana.

– Denne dagen får vi eit etterlengta gjenbesøk av trompetist Hans Marius Andersen og bandet hans. Andersen blir sett på som eit av dei fremste trompettalenta i Europa, og har mellom anna helde konsertar både i Krakow, Berlin, New York – og på Oseana.

Sist gong han spelte på Oseana var under Osfest 2016, der han mottok trampeklapp frå ein fullstappa Oseanarestaurant, så dette lovar bra.

Hans Marius og bandet hans serverer både eigne låtar, pop-perler frå andre artistar som Fields of Gold av Sting, Human Nature og Man in the Mirror av Michael Jackson pluss standard jazzklassikarar som My Funny Valentine.

Musikken hans blir karakterisert som instrumental pop-jazz og smooth-jazz, med andre ord blir det god stemning og gode tonar på Oseana denne dagen!

Laurdag 11. februar klokka 15 kan Hans Marius Andersen opplevas i Oseana igjen.