132 utrykkingar til komfyrbrannar

img_2462Éin enkel komfyrvakt kan løyse problemet og redde heimen din frå å gå opp i røyk.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Fersk statistikk frå DSB viser at det var 132 utrykningar til komfyrbrannar i Hordaland i 2016.  På landsbasis var det 1 344 brannar eller branntilløp på komfyren.

Éin enkel komfyrvakt kan løyse problemet og redde heimen din frå å gå opp i røyk.

– Dei fleste sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkkenet. Enten om då det ringte på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Litt uoppmerksam er alt som skal til for at ein brann skal blusse opp og kome ut av kontroll, seier Anne Kjersti Storebø, leiar førebygg.avd.

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det blir lagt opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire elektronikkbutikkar, i ei rekke kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar.

– Dei fleste komfyrbrannar skjer på dagtid og råkar eldre menneske, men flest omkomme i brannar om natta. Då er det ofte unge menneske i alkoholpåverka tilstand som blir råka. Rusa personar har svekka dømmekraft og merksemd, og kan fort sovne frå komfyren, seier Storebø .

Slik fungerer komfyrvakta
Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser han ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren beskjed til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.

– Hald oppsikt under matlaging, skru av eller demp varmen om du blir avbrote i matlaginga, reingjer ventilator jamleg og pass på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen. Ingen skadar seg av å vente litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade om du gløymer det, seier Storebø.

I mars besøker Os brannvesen eldresenteret her i kommunen. Der vil de gi informasjon om komfyrvakt. De har og  to gode komfyrvakter som de vil «gi bort/trekke lodd om».

Komfyrvaktkampanjen
Onsdag 8. februar arrangerast ein nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd rundt dei alt for mange komfyrbrannane. Ei komfyrvakt kan avgrense skadane og hindre at ein komfyrbrann utviklar seg til å bli alvorleg. Under kampanjen vil over 200 brannvesen, feiarvesen og elektrisitetstilsyn ha lokale aktivitetar over heile landet.

Som del av kampanjen vil det bli installert ei komfyrvakt hos nokon som har behov for det i dei kommunane som deltek.

Komfyrvaktkampanjen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing fram til 2020 på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper.

Bak «Alt vi kan mot brann» står DSB, Norsk brannvernforening, Finans Norge, Norsk Brannbefals Landsforbund, Feiermesterens landsforening, Branninformasjonsforum, det lokale eltilsynet, sakkunnige selskap, Nelfo og Brannløftet.