Bjørnefjorden gründerpark åpner dørene i februar

img_4502-004Vil du starte for deg sjølv og treng kontorplass?

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Bjørnefjorden gründerpark opnar dørene i etasjen over Sparebanken vest I Os sentrum 9. februar.

Vil du starte for deg sjølv og treng kontorplass og tilgang til verdifull kunnskap og ressursar?

– Bjørnefjorden gründerpark er eit entreprenørskapssenter midt i Os sentrum laga for gründerar, nystarta bedrifter, pendlarar og andre som ikkje er avhengige av eit lukka kontor. Det er for dei som får energi av å omgi seg med andre som vil utvikle sine bedrifter!

Som leigetakar i Bjørnefjorden gründerpark får du tilgang til:
• fleksible kontorarbeidsplassar
• sosialt og fagleg fellesskap
• ressursar hos Bergen Teknologioverføring (BTO)
• kontakt med næringsråd og kommunar
• næringssjef og næringsliv i bjørnefjordregionen

I tillegg får du bli med på aktiviteter og kurs for kompetanseheving, nettverksbygging og organisasjonsutvikling. Inkludert er også fri tilgang til møterom, kjøkken og alle fasilitetar du kan vente frå eit moderne kontorfellesskap.

For mer informasjon tar du kontakt med næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim (dask@os-ho.kommune.no).