Flere kjørte i påvirket tilstand

img_5461Og bare 34% har et godt inntrykk av at politiet kommer raskt til åstedet når de blir tilkalt etter melding om voldslovbrudd.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Vest politidistrikt presenterar denne veka tala når det gjeld kriminalitetsutviklinga, straffesakshandsaming og politiet si operative innsats for 2016.

Gnerelt har talet på melde lovbrot gått ned og er for 2016 på det lågaste nivået i siste femårsperiode. Dette er ei trend som også gjeld resten av landet.

Men det betyr ikkje at det er nedgong i antall saker på alle område.

Det er nemleg kraftig auke i talet på seksuallovbrot på 30,9% i 2016. Den største kategorien innan seksuallovbrot er valdtektssaker.
Det er og ein kraftig auke i talet på saker som gjeld seksuelle overgrep mot barn, og her har det dei to siste åra vore ein auke på 73%. Det har vore avgjord eit rekordhøgt tal saker som gjeld seksuallovbrot mot barn i 2016.

I 2016 har det og  vore ein auke på 38,2% i talet på gjennomførte tilrettelagte avhøyr av barn og personar med psykisk utviklingshemming.

Nedgong på narkotikalovbrot:

  • Etter fleire år med eit høgt tal på narkotikalovbrot ser vi ein tydeleg nedgang i 2016. Dette er ein trend som gjeld heile landet i følgje Kripos. I perioden 2012-2014 var det svært høge tal på melde narkotikalovbrot i politidistriktet som skyltes dei opne russcena i Bergen sentrum, samt fokus på hasjsaker blant ungdomsmiljø rundt Bergen. Ein nyttar no bortvisningar som alternativ reaksjon til å melde personar for bruk og innehaving. Dette kan ha medverka til at talet på narkotikalovbrot er lågare enn tidlegare.
  • Vest politidistrikt har og hatt mange store og omfattande saker som gjeld govere narkotikasaker i perioden. Dette er saker som i stor grad er knytt til personar og grupperingar av utanlandsk opphav. Sakane er meir komplekse og tidkrevjande å etterforske.
  • Tala på dopingsaker har auka med 45% og har vore eit satsingsområde for Vest politidistrikt.

Straffesakshandsaming:

  • Den samla oppklaringsprosenten for Vest politidistrikt var på 51,5% i 2016. Det er fyrste gong vi nyttar tal som er produsert for Vest politidistrikt samla.
  • Etter ein auke i restansar sidan slutten av 2014 til april 2016, har vi redusert talet på restansar vesentleg. Spesielt sidan mai 2016 har det vore jobba målretta med dette og vi har  sidan fått redusert talet på restansar med 600 sakar.

Operativ innsats:

  • Vi har nådd de sentrale måla om responstid i 2016.
  • Vest er det politidistriktet som har flest registrerte redningsaksjonar til lands og til sjøs i heile landet, og har vore det i fleire år.

Forvaltning:

  • I 2016 har vi uttransportert 305 personer utan lovleg opphald i Noreg. Dette er det nest høgste talet dei siste fem åra.
  • Det har vore ein kraftig auke i kravsmål om utlegg samt auke i talet på forkynningar om tvangssal, konkursvarsel og innkalling til konkurshandsaming i 2016, og dette gjer at vi forventar auke både i forliksklager, kravsmål om utlegg , og søknader om gjeldsordning utover i 2017.

Trafikk:

  • Talet på omkomne i trafikken er det lågaste i den siste fem årsperioden.
  • Det er ein auke på 13% i køyring i påverka tilstand i 2016.

Innbyggjarundersøkinga 2016

  • 76% av dei spurte seier dei har svært stor eller ganske stor tillit til politiet. Det er ein auke i tilliten blant menn sidan førre undersøking. På landsbasis er det 81% av dei spurte som har stor og ganske stor tillit til politiet.
  • Bare 34% har eit godt inntrykk av at politiet kommer rask til åstaden når vi blir tilkalla etter eit voldsbrotsverk. Heile 21% har eit dårleg inntrykk. 51% er einig i at politiet kommer raskt til staden ved akutt behov for hjelp. Folks oppleving av at politiet er synleg i nærområdet har også gått ned, både i Vest og for store deler av landet. Samstundes seier 78% at det er lett å komme i kontakt med politiet.
  • Innbyggjarane føler seg trygg der dei bor og ferdes. 94% seier dei føler seg «meget» eller ganske trygg. Dei er også i liten grad bekymra for å bli utsatt for ulike hendingar, med unntak av i trafikken, svindel på internett og identitetstjuveri.
  • Undersøkinga er gjort av Ipsos MMI i perioden 26/8 og 7/10 2016. 398 personar har svart i Vest politidistrikt