Held ope heile januar

img_3833-2Os internasjonale skeisebane har vore ein stor suksess.

Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs på Facebook)

26. november fekk vår eigen Sverre Lunde Pedersen æra av å opna Os Internasjonale skeisebane på Telthusplassen.

Og den første månaden har vore så populær at de vært ope ein månad til.

– Det er ei stor gleda å kunne melda at skeisebanen i Os sentrum vert open i heile januar og, melder kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh

– Tiltaket har vore ein stor suksess, så med hjelp frå ein velvillig teltutleigar, og næringsdrivande i Os sentrum til å opna og lukka banen, kan borna no skeisa i ein månad til.