Ein får ikkje juleferie frå einsemda

img_4203-001Jula kan vere vanskeleg for dei som kjennerseg einsameutanfor
eller av andre 
grunnar ikkje har det så bra. 

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Det er ikkje alle som assosierer jul med gåver, god mat og store selskap. For mange kan mangelen på dei tinga vere det som tek fokus i høgtida. For mange betyr jula einsemd, stille gater og få folk å prate med. I år set Røde Kors ekstra fokus på einsemd med ei markering på Årets Mørkaste Dag, men heile jula kan alle hugse på at jula høyrer fellesskapet til, og ta litt ekstra ansvar for at så mange som mogleg får vere med i det fellesskapet. 

Ei undersøking gjort av SSB viser at einsame risikerer både eit dårlegare liv og å døy tidlegare, og at det særskilt er ungdom og eldre som kjenner seg einsame. Røde Kors opplever at stadig fleire kjenner seg einsame i ferier og høgtider. Å ha nokon å snakke med, støtte seg til eller å vere saman med vert ekstra viktig no. For dei som allereie har det vanskeleg, kan jula verte ekstra krevjande. Tunge tankar tek ikkje ferie fordi om ein ikkje skal på skule eller jobb. 

Me vil derfor bruke i dag på å minne om julevettreglane. Dei fleste kjenner Fjellvettreglane, og julevettreglane er minst like viktige. Me håpar alle vil ta vare på dei rundt seg i jula. 

 Julevettreglane: 

1. Gå ofte på julebesøk – også utan trening. Det er mykje uoppdaga rundt deg. 

2. Meld frå kor du går, og spør om nokon vil vere med. Mange vert spurt alt for sjeldan. 

3. Følg med på vêret og vêrmeldingane. Tilpass juleaktiviteten etter forholda. 

4. Utforsk jula og alt den har å by på, men ver rusta mot skuffelsar og tilbakeslag. Ikkje alt kan lukkast kvar gong! 

5. Lytt til erfarne juleentusiastar. Alle set pris på å dele erfaringar og kunnskap med andre. 

6. Bruk ditt indre kart og kompass – og legg merke til menneske rundt deg. Er det nokon rundt deg som går aleine, eller som kanskje ber litt for tungt? 

7. Gå ikkje aleine for lenge. 

8. Oppsøk en ven i tide. Det er ei skam å snu ryggen til. 

9. Spar på kreftene, men ikkje på julegledene. 

Treng du nokon å vere saman med i jula? Røde Kors-huset på Vetrlidsallmenningen i Bergen held ope julaftan, 1. juledag og 2. juledag kl 11-17. I fine lokale rett under Fløibanen ynskjer vi deg velkommen til å bruke tid her saman med andre. Arrangementet er gratis og krev inga påmelding. 

Treng du nokon å snakke med? Kors på halsen er ein stad du under 18 år kan ringe, maile eller chatte og ta opp det som er viktig for deg. Røde Kors-telefonen 800 333 21 er open måndag-fredag i jula frå kl 16-19. Det er gratis å ringe og me kan ikkje sjå nummeret ditt. Det kjem heller ikkje opp på rekninga at du har ringt.