Får dekorere søkerkataloger

framFusa-elever og osing vant design-konkurransen til fylkeskommunen.

 

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen lyser årleg ut konkurranse om design av framsida til sine søkjarkatalogar til vidaregåande opplæring.

– Også for katalogane i 2017 er det elevar frå Fusa vidaregåande skule som stikk av med sigeren, melder skolen.

Marthe Næss Andersen og Annika Svendal går begge i 3. klasse på studieførebuande med formgjeving ved Fusa vidaregåande skule (Annika er fra Os).

Marthe sitt bidrag (øverst i saken) vil bli brukt i Søkjarhandboka (kjem januar 2017)

Annika Svendal Os sitt bidrag (nederst i saken) vil bli brukt til Inntakskatalogen (kjem juni 2017)

vinnar
Fra venstre Marthe Næss Andersen og Annika Svendal med sine vinnerbilder.

Juryen skriv i si helsing:
Nok ein gong har skulen lagt ned mykje arbeid med denne oppgåva, og det har gitt resultat med at begge vinnarane kjem frå Fusa vidaregåande skule.  

Premieoverrekkinga med kr. 4.000 til kvar av vinnarane vil koma i januar på ei tilstelling på skulen.

– Skulen gler seg storleg og er stolt av dei kreative elevane våre, melder Fusa vidaregåande skule.

vinnar_2
Annika Svendal sitt arbeid.