«Då sjøen var vegen»

ta-inn-hele-skjermen-09-11-2016-075109På Luranteunet inviteres det over helgen til en reise gjennom kommunikasjonshistorien.

Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!

Formidlar Oddvar Soldal frå Hardanger Fartøyvernsenter kjem måndag 14. november kl 11.30 til Luranteunet, kor han vil visa «Då sjøen var vegen».

«Då sjøen var vegen» er eit biletspel. Gunnvald Wallevik (f. 1923) frå fjordagarden Vallevik i indre Hardanger, tek oss med på ei reise gjennom kommunikasjonshistoria frå årar og segl, til damp og semidiesel og fram til landevegen kom. Ei unik samling foto etter far hans, Anders P. Wallevik, er basis i forteljinga. Manus, regi: Randi Storaas , Foto: Per Haukeland.

Etter filmen (25 min) vert det tid til prat om slik det var før.

Bebuarar på Luranteunet og pårørande er hjarteleg velkomne!