Få nyheter fra NyttiOs på Facebook!
Fiskeridirektoratet arbeider fortsatt med handtering av ei rømming med ukjent kjelde i området Haugaland–Sunnhordland og planlegg no overvaking av aktuelle vassdrag for å kartlegge om den rømte fisken vil søke opp i elvene når vassføringa aukar.
Dei første meldingane til Fiskeridirektoratet om fangst av rømt oppdrettsfisk i området kom første veka i oktober.
Det har kome inn om lag 50 tips, i hovudsak frå området Haugaland–Sunnhordland, men heile kyststrekninga Haugesund-Hardanger-Bergen er representert. Tipsa dreier seg om til dels store fangstar teke på garn. Fisken er i storleiken 2 – 4 kg.
— Fiskeridirektoratet er uroa for situasjonen med til dels store mengder rømt oppdrettslaks i området, og denne situasjonen føyer seg dessverre inn i rekka av fleire slike rømmingshendingar med ukjent kjelde i regionen dei siste åra, seier Henrik Hareide, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet.
Utfordrande situasjon
Fiskeridirektoratet har gått gjennom dokumentasjon frå oppdrettsselskapa i området. Samtlege av dei mest aktuelle anlegga har hatt dykkarinspeksjon utan at ein har klart å finne kjelda til rømminga.
Overvaking av elver
Det er så langt ikkje teikn på at den rømte fisken har gått opp i vassdrag i regionen. Fiskeridirektoratet planlegg likevel overvaking av aktuelle elver i området for å kartlegge om den rømte fisken vil gå opp i vassdrag når vassføringa aukar.