«All verdens tid»

unnamedI showet som  kjemt til Oseana samanliknar komikar Roar Brekke notida med korleis ting var før.

Fredag 21. oktober klokka 19 kjem komikar Roar Brekke til Oseana med showet «All verdens tid».

Det er omgrepet tid som er den raude tråden i Brekke sitt show, og der er det jo mykje å ta av. Kan du i grunnen klage over tidsklemma dersom du har bondegard på Facebook? Kvifor tatoverer folk eldgamle kinesiske teikn på ryggen? Og kva betyr eigentleg ”fortare enn svint”?

I showet samanliknar Brekke notida med korleis ting var før. Både talskive- telefonar, sommarferiar i folkevognbobler og ”Trim for eldre” blir tekne fram frå gløymsla. Det gjer at dette showet klarer noko få show er forunnt i dag – å få fleire generasjonar til å le saman!