– Os prestegard – ei perle i sentrum

img_5967-2«Sjå kva vi kan, er tema for Kulturminnedagane i Os, som har mykje på programmet frå laurdag 10. september.

10.-11. september og 17.-18. september går Kulturminnedagane 2016 av stabelen her i Os.

Tema i år er «Sjå kva vi kan!» Kompetanse og kunnskap i kulturvernet.

«Under markeringa av Kulturminnedagane 2016 ønskjer vi å løfta fram menneska som jobbar med bevaring, dokumentasjon, deling av kunnskap og flotte opplevingar knytt til vår kulturarv. Dette femnar kulturvernorganisasjonar som historielag, husflidslag, fartøyvern, kunstnarar og mange fleire. Vi vil setja deira kunnskap og kompetanse i fokus under markeringa av Kulturminnedagane 2016. Vi vil visa fram kva vi kan – og at denne kunnskapen er verdifull for mange», skriv kultureininga i Os kommune om Kulturminnedagane 2016.


Program for Kulturminnedagane i Os:

10. september i Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet:
Kl. 11.00 – 12.15:
Oselvaren i fortid og notid. Foredrag og omvising i Oselvarverkstaden ved Åsmund Lien.
Kl. 12.30 – 13.30
– Kva gjer kommunen? Informasjon om kommunedelplan for kulturminne ved kultursjef Lisbeth Axelsen. Oselvarnaustet.
Kl. 13.30 – 15.30
– Prøv ein ekte Oselvar! Oselvarnaustet
Kl. 12.15-15.30
– Tresko som for 100 år sidan. Helge Histad demonstrerer treskograving. Oselvarnaustet.

11. september i Gamlestovo på Hauge:
Kl. 11.00 – 12.00 og 12.00 – 13.00
Glimt frå kvardag og fest i det gamle Os. Forteljing, musikk og tradisjonsmat ved Norvald og Inger Kobbeltvedt. Røykstovo på Hauge.

17. september i Os prestegard:           
Kl. 11.00 – 12.30
– Os prestegard – ei perle i sentrum. Foredrag og omvising ved Oddbjørn Klyve. Borgstova, Os prestegard.
Kl. 12.30 – 13.30
Kveding og folkesong. Minikonsert med Eirin Røykenes. Borgstova.
Kl. 13.30 – 14.30
– Kveding og folkesong. Instruksjon og praksis ved Eirin Røykenes. Borgstova. Påmelding til ogj@os-ho.kommune.no.

18. september på Lyngheimtunet: 
Kl. 11.00 – 14.00
– Tradisjonsbaking. Demonstrasjon, tips og råd ved Marit Steffensen.
Kl. 11.00 – 13.00
– Lær rosemåling. Praktisk innføring ved Hjørdis Juvik.

Kl. 13.00 – 14.00
– Frå Norge til VesterhavsøyeneLemstova på Lyngheim og byggeskikk i mellomalderen. Foredrag ved Nils Georg Brekke.