Gjer stas på Noregs nasjonalbåt!

IMG_1594-001Oselvarfestivalen inviterar til kapproing, omvisning, tatovering, song og musikk og leikebåtbygging.

*Oselvarfestivalen 2016 går av stabelne i Os havn denne laurdagen, med blant anna gratis arrangement for store og små i området mellom Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet.

Frå kl. 10.00:
-Tatovering i 2. høgda i Oselvarnaustet. Torkjell Rød og Karoline Hille Nordstrønen stiller med ferdige «Os-motiv».
Her er det «førstemann til mølla» som gjeld.
Karoline og Torkjell vil halda fram til kl. 17.00.

Ope hus på Oselvarverkstaden
Oselvarverkstaden har ein gamal båt dei vil nytta til å visa klinking. Her kan du få veiledning i klinking og prøva sjølv. Kanskje nokon har ein gamal båt som treng noko ny saum, og med litt veiledning kan ein verta i stand til å gjera jobben sjølv. Om ein har andre spørsmål om reperasjon og vedlikehald, vil dei på Oselvarverkstaden svara og syna etter beste evne.

Leikebåtbygging
Leikebåtbygging for borna på plenen mellom Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet. Like kjekt for born som for dei vaksne!

Defilering med oselvarar på Oselvo

KL. 11.00:
-Offisiell opning av Oselvarfestivalen ved Oselvarnaustet.

Os Mannskor syng

KL. 12.00:
-Kapproinga tek til.
Om du ønskjer å delta, ta kontakt med kjgr@os-ho.kommune.no
Det er plass til 2 i kvar båt, og festivalen stiller med båtar og redningsvestar. Har du noko uoppgjort med naboen, eller eit konkurrerande firma, kan alt løysast i eit heat med Oselvar-kapproing!

Oselvarar som ikkje er i bruk til kapproing, er til gratis bruk for publikum.

Heile festivalen vert det sal av kaffi og vaflar i Oselvarnaustet. Os Durspelsamskipnad spelar.

Kl. 14.00:
Musikk med Kurt Røttingen i andre etasje i Oselvarnaustet.

Kl. 15.00:
Musikk med Leif Østrem og Steinar Lyssand i andre etasje i Oselvarnaustet.