Bønda inntar catwalken

img_2364-001I dag kan du oppleva bøndene i Os med heilt andre antrekk enn Felleskjøpdressen.

– Vi er utruleg heldig som har slike sportye bønder i Os som seier ja til å gå på catwalken og visa klær for  butikkane i Os, seier Tove Tvedt Skarstein i Os sentrum i ein pressemelding nokre timar før Bondens dag brakar laus.

Gutane skal visa kle frå Instinct og sko fra Moberg Sko, og jentene  kle frå Madam Ane og sko frå Moberg. Og som vanleg toppar Bakketeig det heile med stilige briller.

– Ja, berre vent å sjå dei flotte modellane, det er generasjonsskifte på mange av gardane, og det vil dåke få sjå på laurdag. Nokre er aktive på gardane, nokre paktar vekk jorda, nokre har sauehald, nokre hestar, så her er det stort mangfald.

Les og: Bondens dag og dragebåtfestival

– Felleskjøpsdressen er byta ut med dei finaste antrekk, så kom og heia på dei flotte bøndene vi har på Os

Dette blir eit friskt innslag mellom dei mange aktivitetane som skjer på Osøyro denne laurdagen, mellom dyrskue, ridning og roing med dragebåtar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s