Oseana inviterer til konsert

hans-marius-andersen-w-band-3006Oseana arrangerer konsert i samarbeid med Osfest.


NyttiOs på Facebook

I år som i fjor gjev Oseana deg festivaljazz under Osfest laurdagen.

Oseana inviterer til ein hyggeleg start på Osfest-kvelden laurdag 6. august klokka 16.

– Medan du ventar på at programmet skal brake laus på festivalscena, kan du nyte herleg jazz frå ein av våre fremste jazzmusikarar.

Askøyværingen Hans Marius Andersen blir sett på som eit av dei fremste trompettalenta i Europa. I år held han konsertar mellom anna i Krakow, Berlin, New York – og på Oseana.

– På laurdagens konsert serverer han både eigne låtar, pop-perler frå andre artistar som Fields of Gold av Sting, Human Nature og Man in the Mirror av Michael Jackson, pluss jazzklassikarar som My Funny Valentine.

Musikken hans blir karakterisert som instrumental pop-jazz og smooth-jazz, med andre ord blir det god stemning og gode tonar på laurdagen i Oseana.