Det skal bli lysere i kommunen

img_3861BKK er i gang med å skifte ut 1000 kommunale veilys med LED.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

«BKK, på oppdrag frå Os kommune, er i gang med å erstatte gamle kvikksølvlamper med miljøvenlege og energieffektive LED-lamper», melder Os kommune på nett.

Når ei gamal kvikksølvlampe i eit veglys sløkkjer, finst det ikkje lenger lyspærer som passar til lampa.  Det inneber at heile lampa må skiftast ut når pæra går, og då til trygge, miljøvenlege og energieffektive LED-lamper, som både lyser betre opp og lever endå lengre enn forgjengaren.

Les mer om hvordan du kan melde inn feil!

Dei nye veglysa brukar 50 til 80 prosent mindre straum enn kvikksølvlampene.

Over ein treårsperiode skal BKK skifte ut alle dei om lag 1000 veglysa langs kommunale vegar  i Os med nye LED-lamper. Arbeidet er i gang, og BKK reknar med å skifte ut 400 alt innan årsskiftet.

«Den systematiske utskiftinga gjeld ikkje fylkesvegar eller private veglys», melder Os kommune.