Hvor var du da Elvis døde?

benny_borg.1024x768Opplev Benny Borg sin kritikerroste hyllest til The King i Oseana.

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

Laurdag 17. januar klokka 19.00 kan du oppleva Benny Borg sin hyllest til Elvis Aron Presley i Oseanasalen.

I dag finnast det titusenvis av Elvis-imitatorar verda over. Benny Borg er ikkje ein av dei, og i det ligg styrken i den enkle og stillferdige Elvis- konserten hans. Den er likevel full av lett gjenkjennelege element, sjølvsagt. Publikum føl med på kvart pust, kvart stønn, kvart «uh-ah-ah» og kvart skjelvande «luuv», men Borg antydar framfor å ta den heilt ut. Hofterørslene hans er atskillig meir kultiverte enn hos originalen, og han byr på eigne, melankolske kommenterande arrangement i eit par av dei mest kjende låtane, som «Don’t be Cruel» og «Love me Tender».

Der Elvis sjølv hadde eit digert apparat, har svartkledde Benny Borg berre seg sjølv, kassegitaren sin og ein barkrakk, samt ein kvit, paljettdekka jumpsuit med raudt halstørkle som dekorasjon. Likevel er det tecnhnicolor og breiformat over dette one-man-showet, både musikalsk og som historieforteljing. Den er krydra med personlege minner, som det festlege møtet med Priscilla Presley i Los Angeles. Utan sentimentalitet tek Borg med seg publikum gjennom Elvis sine største hits, og skapar eit høgst truverdig bilde av verdas mest berømte person – og eit av verdas mest ensomme menneske, ein umoden og uforbederleg kvinnejegar, ein sjenerøs tyrann omgjeven av ja-menneske og utnytta på det grovaste av «oberst» Tom Parker.

– Konserten har fått strålande kritikkar der den har vore før, og har no lagt ut på ein ekstra turné. Dette er ei konsertperle av dei sjeldne, og både ihuga Elvis-fans og dei som er mindre ihuga vil gå ut av Oseanasalen med ein sterk konsertopplevelse bak seg denne kvelden, seier kulturhusvert Janne Mari Hjelle i ein pressemelding.

For billettar, ring Oseana på 917 50 231 eller gå inn på http://www.billettservice.no