Os ble sterkt rammet av orkanen «Nina» på lørdag. I ettermiddagens statusrapport fra Os kommune blir det sagt at de fleste får strømmen tilbake i dag.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Stengte veier, strømbrudd, vannproblemer. Nå ser det ut til at ting begynner å gå tilbake til normalen i Os.
Se også: «Nina» har herjet helt vilt i Osmarken
Os kommune la klokken 16 mandag ut følgende statusrapport:
- Mange abonnentar har framleis ikkje straum, men BKK reknar med at dei fleste vil få straumen tilbake måndag ettermiddag eller kveld.Informasjon om feil og utkoblingar i straumnettet finn du på BKK si nettside. Feilmeldingar meldast på telefon 05123 – hele døgnet.
- Straumen er enno ikkje attende på Strøno barneskule, men elevane møter uansett i morgon kl 08.15. Les meir her
- Alle viktige vegar er opne, men nokre private vegar er framleis stengde grunna rotvelt.
- Kriseleiinga oppretta i går krisetelefon – mobil 915 68 590.
Mange ringjer dette nummeret når dei ikkje får tak i BKK, men dette telefonnummeret skal berre nyttast om innetemperaturen er kritisk låg, eller om du eller nokon du kjenner treng anna form for akutt hjelp - Dersom det utanom normal arbeidstid oppstår ein krisesituasjon, som gjeld vatn, avløp, kommunal veg eller kommunale bygg, kan du kontakte Teknisk Vakt på tlf. 982 34 440.
Ver snill å ikkje ringja dette nummeret i vanleg arbeidstid, eller om det gjeld spørsmål om straum. - Abonnentar i Lysefjorden har opplevd varierande trykk og ustabil vassforsyning grunna straumbrot. Det er no noko betre trykk i vassleidningane ut frå Søvik Vassverk. Så lenge straumen er stabil, vil også vass-situasjonen på Søvik Vassverk vera stabil framover.