Over 511 000 hordalendinger

10846024_10152954639059515_7208217631853609871_nOg i Os er vi snart 19 100 innbyggere.

Ved årsskiftet 2014-15 er det over 511 000 innbyggjarar i Hordaland. Folketalet i Bergen passerer 275 000. Dette går fram av folketalsprognosen frå Statistisk Sentralbyrå.

Ifølgje den ferske prognosen frå SSB aukar folketalet i Hordaland med 6 003 i 2014 til 511 249 ved årsskiftet. Hordaland er det tredje folkerikaste fylket i landet, etter Oslo med 648 690 innbyggjarar og Akershus med 584 704. Rogaland følgjer på fjerdeplass med 466 408.

Rogaland tar innpå
Rogaland tok litt innpå Hordaland i 2014, då folketalet i sør auka med 6 783. Størst folkevekst har Oslo med 14 227 og Akershus med 8 947.

Om ein ser på folkeveksten i prosent av innbyggjartalet kjem Hordaland på sjetteplass. Oslo toppar også denne lista, følgd av Akershus, Rogaland, Vest-Agder og Sør-Trøndelag.

Størst folkevekst
Bergen kommune får meir enn halvparten av folkeveksten i Hordaland med 3 130 fleire innbyggjarar i 2014.

Nest flest nye innbyggjarar i 2014 får Fjell kommune med 552, deretter Askøy med 499, Os 408 og Lindås 356.

To kommunar i Nordhordland, Osterøy og Meland, nærmar seg 8 000 innbyggjarar. Osterøy er enno størst med 7 856 medan Meland har 7 767. I løpet av 2014 har Meland med 223 nye innbyggjarar teke kraftig innpå, Osterøy auka med 70 i år. Med tilsvarande utvikling i 2015 vil dei to kommunane byta plass på statistikken.

Vekst i prosent

Veksten i høve til folketal, prosentvis vekst, er størst i Meland med 3,0 %. Nabokommunen Lindås følgjer så med 2,4 %. Deretter kjem Fjell 2,3 %, Os 2,2 %, Granvin 2,1 %, Sund 2,1 %, Ulvik 2,0 %, Fitjar 1,9 % og Askøy 1,8 %.

Folkeveksten i Bergen ser ut til å verta knapt 1,2 % i 2014.

Dei ti folkerikaste kommunane i Hordaland er basert på SSB sin prognose:
275 079 Bergen
27 845 Askøy
24 404 Fjell
19 086 Os
18 669 Stord
15 425 Lindås
14 326 Voss
13 225 Kvinnherad
11 750 Bømlo
8 559 Kvam