Fylkesordføren vil ha rask byggestart for Hordfast

HordfastN500– Det er viktig at vi jobbar for ein rask prosess, samstundes som vi har forståing for at dette er eit stort og komplekst prosjekt

Det kan bli byggjestart for brua over Bjørnefjorden i 2018 om det blir ein rask planprosess for Hordfast, skriv Hordaland fylkeskommune på sine nettsider.

– Vi ønskjer oss byggjestart i 2018. Det er viktig at vi jobbar for ein rask prosess, samstundes som vi har forståing for at dette er eit stort og komplekst prosjekt, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen. Han ønskjer byggjestart for Hordfast så raskt som mogleg.

Ferjefri motorveg til Stavanger
– Vi skal arbeide for at Hordfast kjem inn i neste Nasjonale Transportplan, og at vi kan reise ferjefritt og på motorveg mellom Bergen og Stavanger, seier fylkesordføraren. Han leier kontaktutvalet for Hordfast som arbeider for å sikre at kommunar, næringsliv og befolkning i Hordaland får den beste og raskaste utbygginga av E39 mellom Bergen og Stavanger, spesielt strekninga mellom Os og fylkesgrensa til Rogaland.

Profilering
Kontaktutvalet er blitt samde om å utforme eiga profilering og kommunikasjonsplan overfor sentrale styresmakter. Det blir om kort tid mogleg for alle som er interessert i prosjektet å følje det nærare i media og på internett.

– For kontaktutvalet er det viktig at debatten og prosessen er basert på fakta og at dei demokratiske omsyna blir ivaretekne, seier Nilsen.

Konsekvensar

Hordaland fylkeskommune har starta arbeidet med å utarbeide eit mulegheitsstudium for fylkesvegsamband med tilknyting til ny E39. Denne skal sjå på konsekvensar og mulegheiter ny E39 vil gi for fylkesvegnettet, for kollektivtransport i området og for regional utvikling.  Sweco er vald som leverandør for denne studien.

Skisse til finansiering
Utvalet vil og starte arbeidet med å utarbeide ei skisse saman med Statens Vegvesen for prinsipielle avklaringar av finansiering/bompengesøknad.

Kontaktutvalet er samansett av kommunane i Sunnhordland og Os ved ordførarane, Bergen kommune, lokalt næringsliv og arbeidslivet sine organisasjonar. Fylkesordføraren leiar utvalet.

Innkorte planlegginga
Kontaktutvalet har slik føremål:
1. Sikre raskast mogleg framdrift for ny E39 ved å arbeide for innkorting av planleggingstid
2. Arbeide for å få inn E39 Hordfast inn i NTP 2018-2027. Utvalet skal vidare arbeide for at dette vert følgt opp dei påfølgande statsbudsjetta (st.prp 1)
3. Målbere Hordaland fylkeskommune og kommunanes interesser inn i planprosessane og den statlege reguleringa av strekningane på E39 mellom Bergen og Aksdal.
4. Legge til rette for dialog og samordning av bodskap frå Vestlandet slik at vi talar med ei røyst overfor sentrale styresmakter.
5. Førebu finansieringsgrunnlag, inklusiv ein eventuell bompengesøknad.