– Vi treng nye krefter (Leserbrev)

os_skule6Skule og utdanning  er blant satsingsområda til Tverrpolitisk Samlingsliste i Os.

 

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

MED  T.V.S. (TVERRPOLITISK SAMLINGSLISTE) INN  I  FRAMTIDA

Første bygdelista for Os vart skipa i 1971.  Mange i kommunestyret ynskte den gongen ein ny retning på politikken i Os. Samlingslista for Os vart danna. Resultatet ved valet dette året vart at Samlingslista fekk flest mandat og ordføraren. Lista hadde ordføraren samanhengande i 3 periodar – altså 12 år. Sidan den gong har denne lista vore ein av grunnpilarane i politikken i bygda.  Bærebjelken i Samlingslista var at ein skulle vera fri frå rikspolitisk ideologi. Det innebar at ein kunne stå heilt fritt «til beste for bygda vår».

Som det i våre siste program har stått; «Av Osingar for Osbygda», «Os-innbyggjarane sine interesser» og «På tvers av partigrensene, for bygda vår».

Dette meiner vi er årsaka til at vi hittil har hatt to ordførarar, og har vore ei av dei største gruppene i kommunestyret i fleire år.

Men – det er heller ikkje alltid like lett å stå «aleine».  Her er det ingen støtte frå ”sentralt hald”, verken moralsk eller økonomisk.  Men igjen – dette har vore, og er – vår utfordring, på godt og vondt.  Det har medført ein utruleg samansveisa gjeng, som har stått på i sak for sak, til beste for bygda vår.  Vi har pr. i dag, 4 kommunestyre- representantar (fjerde største). Vi er representerte i alle hovudutval.

I både førre og inneverande periode, har det vore skule og utdanning som har vore vår fanesak.  Vi tenkjer på framtida, og då er det våre barn vi må investera i.  Skule og utdanning er derfor noko vi alltid vil kjempe for at ikkje skal nedprioriterast.

Vi meiner at TvS, har ein viktig plass i kommunepolitikk i Os. Ja, faktisk bør vi ha ein heilt sentral posisjon når vår framtid skal meislast ut. Vi tenkjer berre på lokalpolitikk.

Ei av sakene kor TvS har vore og er ein pådrivar, er i kampen mot nedlegging av skular i krinsane. Fornuftig og forutsigbar arealutvikling i Os kommune ei anna.

Eit viktig område for TvS i politikken i Os, har vore ivaretaking av gode bustadmiljø i kommunen. Plassering av nytt sentralt reinseanlegg (OHARA) er eksempel på ein viktig sak for TvS. Innleiingsvis gjekk vi i mot fleirtalet i kommunestyret. Men saman med eit stort engasjement hos innbyggjarane, lukkast vi til slutt med å få til ei endra plassering. Det er dette som er lokaldemokrati i praksis.

Vi i Tverrpolitisk Samlingsliste går ikkje ut med store løfte, men garanterar at vi skal gjera vårt ytterste for at Os-bygda skal bli ein stad og ein kommune kor folk vil vere nøgd med dei tilboda kommunen gjev, og at dei plikter som kommunen påtek seg, vert fylgde opp og etterlevd. Vi ønskjer eit inspirerande, levande og nært demokrati.

Vi treng nye krefter.  Det er nytt kommuneval hausten 2015. Vårt neste styremøte er den 17.9. Vi startar då planlegginga for strategien for valet neste år.

Har dette fanga di interesse? Kunne du tenkje deg å vera med på  å påverka Os sin politikk i framtida? Du er hjarteleg velkomen. Kontinuiteten vil bli ivareteken ved at Terje Sperrevik (52) og Rune Fimreite (43) frå det noverande styret, blir med vidare.

Men vi må komme i gang no! Så ta kontakt snarast, gjerna innan 17.9.2014.

Du kan også besøka oss på vår heimeside – os-tvs.no. Der vil du også finna ei namneliste over personar som kan kontaktast.  Vi ser fram til å høyre frå deg!

Helsing  styret i Tverrpolitisk Samlingsliste.