SPOR i Hvelvet

unnamedKunstner og lektor Arve Håland får æren av å være første utstiller i Hvelvet i Oseana denne høsten.

 

Laurdag 16. august kl. 15.00 opnar Arve Håland utstillinga SPOR i Hvelvet på Oseana kunst- og kultursenter, melder kulturhuset i en pressemelding.

Høgskulelektor ved Kunst og Designhøgskolen i Bergen, Øystein Hauge står for den offisielle opninga av utstillinga, som har gratis inngang og enkel servering. I tillegg blir det eit musikalsk innslag med Arve sitt eige band!

Som naturen, som murveggen, som gata bygges bileta opp lag på lag. I utgangpunktet et svært realistisk uttrykk, som ubønhøyrleg (i tråd med maleriets lover) transformeres til abstrakte sanseopplevinger.

Gjennom heile Håland sitt kunstnarskap har fascinasjonen for materiala sitt språk, eigenskapar og kombinasjonsmoglegheiter styrt arbeidsprosessen, og material som sement, sand og jernsulfat har følgd han i ei årrekkje.

– Eg jobbar med å balansere farge, tekstur og struktur, det ein kan kalle det estetiske, i billedflata, og samstundes la det litterære og symbolske ligge i språket til materialet. Eg vektlegg det sanselege, møtet som oppstår mellom bilete og betraktar, seier Håland. Resultatet blir maleri bygde opp som taktile og fysiske flater som skil seg ut som sjølvstendige, innhaldsrike og estetiske uttrykk.

– Eg målar for tida på glas og har brukt dei transparente moglegheitene i materialet.  Spor av teikning i bileta kan assosierast med fossile avtrykk, overlappa av den moderne tid sine konstruerte teikn, i linjer og signalfargar. Det blir eit samanstøt av fortid og notid, utdjupar Håland.

 Arve Håland har vore tilsett som lektor i teikning ved Kunst og Designhøgskulen i Bergen sidan 1977. Han har etter endt utdanning i 1972 delteke på mange betydelege utstillingar og hatt ei rekkje utsmykkingsoppdrag. Håland sine mest kjende arbeid frå 1980- talet var ein serie assemblager der han trakk verkelege gjenstandar inn i maleria og fekk ein kombinasjon av illusjon og røyndom. Det mest markante biletet av desse var «Nedlagt hermetikkfabrikk» som vart vist på Vestlandsustilling 1980. Mange av desse arbeida var og på temautstillinga «Rapport frå Vestlandet» i 1980, ei utstilling han hadde saman med Laila Aas Birkeland, og på Håland si separatutstiling i Bergen Kunstforening 1984.