Folkefest med Osfest (Leserinnlegg)

Uten_navn_Panorama1-7Ordfører Terje Søviknes håper mange osinger tar turen på Osfest. – Det er nå det gjelder.

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

Leserbrev fra ordføreren i Os.
Til helga går første Osfest av stabelen. Vi kan sjå fram til eit spanande konsertprogram på hovudarenaen v/Os Ungdomskule, barneteater på Oseana, Europeisk Marknad, vore-/nachspiel på Peppes/Solsiden og eit yrande folkeliv i sentrum.

Etter at både Osøren Blues og Jazzfestival og Rock’n Lol gav seg i fjor, har Os kommune samarbeida tett med Osfest om den kommande festivalen. Aktivitet i sentrum er eit viktig bidrag i Prosjekt «Liv på Øyro»! Kommunen leiger mellom anna ut Prestegarden, festivalområdet på grusplassen og festivalkontor på Kaien. I tillegg er skjenketidene utvida, og vi samarbeider tett med Osfest om gjennomføring av arrangementet. Mellom anna er det lagt vesentleg vekt på familie konseptet for deler av festivalen, til dømes gjennom gratis inngang for barn under 13 år og eige familieområde på konsertarenaen.

Les også: Splitter pine for en rigging

Mange har trekt parallellar mellom Osfest og Tysnesfest. Våre naboar i sør har gjennom imponerande innsats over mange år verkelg sett Tysnes på festivalkartet. Den viktigaste suksessfaktoren har utan tvil vore det lokale engasjementet og dugnadsinnsatsen for tysnesingar flest. Heile kommunen er på beina. På dugnad, dei låner ut husa sine og stiller på konsertar og eit mangfald av store og små kulturarrangement gjennom fire dagar til ende. Næringsliv, samt frivillige lag og organisasjonar stiller opp. I fellesskap har dei skapt eit arrangement dei er stolte av, og som det står respekt av.

Osfest har potensiale til det same, men det krev innsats få kvar og ein av oss. Arrangørane har allereie fått med seg mange frå næringslivet og ein imponerande dugnadsgjeng. Alt ligg til rette for ei fantastisk festivalhelg på Os. Nokre barnesjukdomar blir det heilt sikkert, men erfaring gjev lærdom til seinare års Osfest. Målsettinga er klar – Osfest skal bli ein årleg tradisjon, og godt publikumsoppmøte første året vil gje eit solid grunnlag for vidare satsing og ekspansjon.

Eg vonar difor at vi osingar kjenner vår besøkelsestid. Det er no det gjeld, – uansett litt usikre værmeldingar! Ta del i festivalen og folkelivet, inviter venner og kjente frå fjern og nær, gå på konsertane – og gjer Osfest til ein ny folkefest på Øyro!

Terje Søviknes (FrP)

Ordførar Os kommune