Og da spiller de nok opp med både «In The Army Now» og «Rockin´ All Over The World».
Status Quo blir å sjå på Tysnesfest torsdag 10 juli. Me gleda oss stort. Billettane til Status Quo kjem for sal i torsdag morgon kl 09:00, melder festivalledelsen på Tysnesfest.
Status Quo har underheldt i rockens namn i meir enn 40 år. Sidan slutten av 60-tallet har dei gjennomført meir enn 6000 konsertar! Slikt vert det svært god rutine og fantastisk underholdning av!
Flest hitlåtar i UK
Det er kanskje ikkje så mange som veit det, men Status Quo er faktisk det bandet med aller flest hitlåtar på den britiske singlelista. Status Quo har hatt 63 singlar på dei britiske hitlistene, meir enn noko anna band. Og dei har hatt 32 album inne på de britiske hitlistene, kun Rolling Stones har hatt fleire. Bandet har selt imponerande 120 mill. album.
Bandet har gitt ut mange hits som legg opp til rockefot og allsong som «In The Army Now», «Rockin´ All Over The World», «Whatever You Want», «Safety Dance» og «Caroline».
Status Quo blei kjent som eit lett psykedelisk popband då singelen «Pictures Of Matchstick Men» blei ein stor hit i 1968. I løpet av et par år gjekk dei over til den meir bluesbaserte boogierocken som for mange balanserte på kanten til det karikaturaktig einsformige. Status Quo er opphavleg eit latinsk uttrykk, som inneber og bevara noko som det er. Ein av deira største hits heit typisk nok «Again And Again».
På byrjinga av 80-tallet var ein indre strid i gruppa i ferd med å få dei til og gje opp samarbeidet. Quo kunne eigentleg sagt at nok er nok, dersom ikkje Bob Geldof hadde insistert på at dei skulle opna Live Aid på Wembley Stadion i 1985. Slik starta tidenes største konsert med Status Quo versjon av John Fogertys «Rockin All Over The World».
Torsdag 10. juli spelar dei opp på Tysnesfest
I tilegg er følgjande band så langt klare til årets festival:
-Karpe Diem
-Timbuktu&Damn
-SILyA
-Hekla Stålstrenga
-Morten Harket
-Razika
-Postgirobygget
-Gabrielle
-Anita Skorgan.