Bygger ny seksseters stolheis i Myrkdalen

Eierne bruker 60 millioner kroner på å bygge Storhaugekspressen.

Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Eigarane i Myrkdalen investerar 60 millionar kroner i ein ny stolheis som vil dobla kapasiteten i anlegget. Heisen opnar fyrste veka i desember 2013!

Den nye stolheisen, som er gitt navnet Storhaugsekspressen, er gode nyhende for skientusiastar på Vestlandet. Med heile sju nye nedfartar i alle vanskegrader tek Myrkdalen no posisjonen som landsdelens største og mest komplette skidestinasjon.

– Myrkdalen har utvikla seg enormt dei siste åra. Med nytt hotell og fleire fritidseigendommar har me utvida kapasiteten når det gjeld overnatting. Stadig vekst i antall skigjester seier oss at tida er inne for å auke kapasiteten også i anlegget, seier administrerande direktør i Voss Fjellandsby AS, Elin Bolann i ein pressemelding.

– En del av en heilheitleg plan
Hun legg ikkje skjul på at leiinga i anlegget er svært fornøyd med styreavgjersla i Voss Fjellandsby AS. Og når avgjersla er teke, er det ingenting å sei på gjennomføringsevnen. – Til vinteren kan me tilby gjestene våre eit endå betre skiprodukt, med ein moderne og effektiv ekspressheis, nye nedfartar og enda større frikøyringsområder, seier Bolann.

Det er heller ingenting å sei på framdrifta: Styrevedtaket vart fattet tirsdag, og allerede onsdag morgen var de første anleggsmaskinene på plass.

– I Myrkdalen er me handlekraftige, samtidig som me jobbar etter langsiktige og helheitlege strategiar. Det vil alltid vera ein viss risiko tilknytta denne typen investeringar, men me veit at me må satsa om me vil nå dei ambisiøse målsetningane me har sett oss. Innan 2020 skal me verta Noregs tredje største skidestinasjon og Nordens beste heilårsdestinasjon, seier Bolann.

Stor interesse for Myrkdalen
Fjorårssesongen var eit stort lyft for Myrkdalen med lansering av eit moderne konferansehotell, fleire nye hytte- og leilighetsprosjekt – og eit vellykka VM i freestyle. Stadig fleire bergensarar investerar i fritidseigendom i Myrkdalen, og nye byggeprosjekt er no på teiknebrettet. Med eit raskt aukande antall utenlandske gjester er destinasjonen i ferd med å få ein posisjon også utanfor landets grenser.

– Me ynskjer å utvikla Myrkdalen til ein heilårsdestinasjon som vert lagt merke til. Me er allereie ein drivkraft i utviklinga av reiselivet på Vestlandet. Bygging av den nye heisen vil gje oss rom for vekst og vidare utvikling i åra som kjem, seier destinasjonsdirektøren. Både Sparebanken Vest og Innovasjon Norge har bidrege i heisfinansieringa.

FAKTA OM HEISEN:
• Seksseters ekspressheis frå leverandøren Leitner
• Lokal entreprenør er Taubane Teknikk AS
• Kapasitet er rundt 2600 skigjester i timen
• Heisen er 1,7 kilometer lang og forserar 440 høgdemeter
• Toppstasjon på Storhaugen
• To nye svarte løyper, to raude/blå og tre grøne vil verta opparbeida i tilknytning til heisen

FAKTA OM VOSS FJELLANDSBY AS:
Voss Fjellandsby AS er eigd av Schage Eigedom AS (54%), Grendahl Holding AS (36%) og Aurland Ressursutvikling AS (10%).

1044029_10151564080912615_1048522097_n