Mer heder til Hans Bjørn Bakketeig

Mandag kveld var det Rotary sin tur til å hedre Hans Bjørn Bakketeig for hans innsats i Moldova.

Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Rotary arbeider for å auke internasjonal forståing gjennom betre samkvem mellom folka.  For å nå dette mål er det årleg meir enn 9000 unge som er på utveksling, og rundt 4000 unge som er på internasjonal utveksling for å lære meir om faget sitt.

Les også: Osing kåret til Årets optiker 

Rotary arbeider og for å betre dei sosiale tilhøva for grupper av befolkningen der det er trong for det.  Eit døme på dette er Os Rotaryklubb sitt prosjekt for folk med rørslevansker på Ramsholmen.

Eit anna er Rotary International sitt prosjekt for å utrydda Polio i verda.  For å nå dette målet har dei 1,4 millioner Rotary-medlemmene over heile verda ytt rundt 1,5 milliardar kroner.  Antall polioramma har vist ei monaleg nedgang, og no er det polio berre i et par land.

For å få betre finansiering av Polioprosjektet og andre prosjekt Rotary arbeidar med, er Rotary Foundation skipa.  Det gjer det lettare for klubbar å finansiera prosjekt,  anten dei er i Afrika, Asia, Amerika eller Europa.

Når Rotaryklubben vil gje  ei påskjøning til nokon som har gjort ei framifrå innsats for å betre tilhøva for folk eller auke internasjonal forståing, utdeler dei Paul Harris medaljen.  Denne har navn etter han som tok initiativ til Rotary i 1905.  Samstundes må klubben betale til Rotary Foundation eit beløp som gjer at 3000 born eller vaksne vil bli vaksinert mot polio.

Fekk Rotaryutmerking med to framsider
Os Rotaryklubb har sett at Hans Bjørn Bakketeig høyrer til dei som har gjort ein stor innsats for folk som treng hjelp til å få betre syn i Moldova.  I samarbeid med augelækjarar har han fått utstyr som er ”gått ut på dato” her i landet, og sendt det til Moldova der det har vore stor trong for det.

Saman med lækjarar frå Noreg har Bakketeig gjeve lokalt helsepersonell og optikarar opplæring i bruk av utstyret.  Kostnader til reise og opphald har han bore sjølv.

Det  var med stor glede og vørnad at presidenten i Os Rotary Klubb, Berit Høgheim på mandag kunne gje Paul Harris medaljen til Hans Bjørn Bakketeig og utnevne han til Paul Harris Fellow.