«Coming Home»

Kvinnelige artister som Gabrielle, Helene Bøksle og Veronica Maggio har vært klar en stund. Denne uken ble det klart at også Marit Larsen kommer til Tysnesfest.

Me synest det er stor stas at Marit vil ta turen til oss i sommar, melder Tysnesfest på sine nettsider!

Tysnesfest har etterkvart mange kvinnelege artistar på plakaten i 2012, og me er no glad for at me fekk i land ein av dei finaste stemmene me har i Noreg.

Marit Larsen må kallast ein av de verkeleg store popstjernene her i landet. Det er få artistar som er like populær både blant publikum og kritikarar, og du skal ha levd passe godt under jorda for ikke å ha fått med deg hits som ”Under The Surface”, ”Don’t Save Me” eller ”If a Song Could Get Me You”.

Her er oversikten over alle artistene som kommer til Tysnesfest! 

Videoen til sistnemnde er sett nesten ti millioner gongar på Youtube.
Dei høge tala skuldast også den enorme suksessen Marit Larsen har hatt i Tyskland, for låta toppa like gjerne listene der også.

Etter eit lengre opphald i New York er ho no tilbake med sitt etterlengta tredje soloalbum. Dette har fått navnet ”Spark”.
Plata er også denne gongen laga i samarbeid med produsent Kåre Vestrheim – eit samarbeid som tidlegare har vist seg å vera ein svært så siksessrikt.

”Umiskjennelig kvalitet fra Marit Larsen”, skreiv Dagbladet sin anmeldar då han trilla ein femmar til den fyrste smakebiten fra albumet, ”I’m Coming Home”.

Me tør påstå at utsagnet er godt dekkande for resten av albumet også – så det er bare å gleda seg!