«Digital Barokk» i Hvelvet

Laurdag 17. mars inviterer Oseana til utstillingsopning av Bjørn Strandenes si utstilling «Digital Barokk».

Bjørn Strandenes har fått æra av å vere neste kunstnar i Hvelvet. 17. mars opnar utstillinga «Digital Barokk».

Strandenes har tidlegare arbeida både med keramikk og gipsstukkatur, og også brukt teknikkar frå dette i oljemaleria sine. Han er utdanna både frå Noreg og Italia, og har hatt ei rekke separatutstillingar dei siste 10 åra. Strandenes seier at naturen etter kvart har blitt tydeligere i bilda hans, som ligg melom å vere figurative og abstrakte. Han meiner at dette mogleg botnar i eit behov som oppstår i vår digitale verd.

– I dag skjer formidling gjennom det digitale media utan at alle sansar er berørte, forklarar Strandenes.  – Overfloden blir forflytta med tal på dataen og med distanse til naturen og dei menneska som blir berørte.

Barokkmalarane arbeidde med lys i bilda.

Det digitale er ein kommentar til vår samtid.

–          Kva er eigentleg kunst?

–          Kva er god smak?

–          Kva er det gode handverket i kunsten?

Sjå Bjørn Strandenes si utstilling i Oseana frå 17. mars, med sine kommentarar til den pågåande kunstdebatten i Bergen. Med både installasjonar og maleri.

Det blir utstillingsopning kl. 15.00 med musikalsk innslag frå Åsne Sunniva Søreide, og det blir servert forfriskningar.