Må miljøverndepartementet avgjøre?

Fylkesmannen krever at politikerne i Os tar en ny gjennomgang av kommuneplanen, eller så må miljøverndepartementet ta avgjørelser.

Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

I møtet mellom Os kommune og fylkesmannen 17.08.2011 vart Fylkesmannen sine motsegner til kommuneplanen sin arealdel drøfta. Resultatet vart at svært mange av motsegnene vart trekte, men ikke alle.

«I brev datert 17.10. 2011 har vi gått gjennom dei motsegnene vi held fast ved. Resultatet frå møtet og innhaldet i vårt brev datert 17.10.2011 vart framlagt for Plan- og bygningsutvalet i kommunen i møte 15.12. 2011. I avstemminga gjekk fem mot fire representantar inn for at dei ikkje ville ta
motsegnene til følgje, men be om mekling», skriv Fylkesmannen i brevet til Os kommune.

Fylkesmannen har etter at han fekk brevet med førespurnad om mekling, tatt ein ny gjennomgang av dei attståande motsegnene. Konklusjonen etter gjennomgangen er at han ikkje finn grunn til å trekke fleire motsegner.

«Dialogmøtet med Os kommune den 17.08.2011 var i realiteten eit meklingsmøte der Fylkesmannen imøtekom Os kommune svært langt. Vi hadde derfor forventa at Plan- og bygningsutvalet hadde gått inn i ei reell drøfting av dei motsegnene som står att, skriv Fylkesmannen i brevet til Os kommune.

Etter ein ny gjennomgang av dei attverande motsegnene kan ikkje Fylkesmannen sjå at det er grunnlag for at motsegnene bør trekkast.

«Det er derfor ikkje grunnlag for eit meklingsmøte slik saka står, og vi rår til at kommunen anten gjer ei konkret handsaming av dei attståande motsegnene, eller sender kommuneplanen til miljøverndepartementet for endeleg avgjerd».