Ervikane på topp

Men også andre friluftsområder i Os er plukket ut.

Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Kultur- og ressursutvalet (KURE) i Hordaland fylkeskommune rangerte tysdag Ervikane på topp over friluftsområde som bør sikrast med statlege midlar i 2012.

I tillegg vart Ramsholmen og Askviknes rangert som nr 3 og 6 på lista over områder i Hordaland. Os kommune har dermed tre av i alt seks friluftsområdet inne på den offisielle sikringslista i Hordaland.

– At Ervikane gjekk rett inn på 1.plass syner at dette er eit av dei mest attraktive friluftsområda i Hordaland, seier ordførar i Os og fylkespolitikar Terje Søviknes.

– Dette tyder at Direktoratet for Naturforvaltning (DN) har fått ei klår prioritering på kva område som bør sikrast først i Hordaland. I alt har dei 55 mill kr til rådvelde til statleg sikring av slike område i 2012, og alt ligg no til rette for at dei vil sikra Ervikane i Os.

 – Vi har arbeid mykje med denne saka i vinter, og no ser vi resultata, seier ein nøgd Os-ordførar.

I førre veke vart det klart at Os kommune og Bergen og Omland Friluftsråd vil starta regulering av områda Ervikane, Vetalneset og Oksabåsen til friluftsføremål, slik at DN kan nytta sine midlar til statlig sikring av eigedommane. Med dette vil over 1000 mål med attraktive areal med badestrender og uthamner i Os-skjergarden sikrast til friluftsføremål for framtida.