1700 nye medlemmer i Noregs Mållag

Noregs Mållag har opplevd ei veldig oppslutning etter at kunnskapsminister Kristin Halvorsen i januar gjekk ut og opna for å svekkja sidemålsordninga. Også i Os er det auke i medlemstala.

Sidan nyttår har det kome til godt over 1700 nye medlemer, heiter det i ei pressmelding.

– Dette er ei nasjonal mobilisering. Det er viktig for nynorsken og målsaka at Noregs Mållag er sterkast mogleg. Vi er opne for å snu dei fleste steinane for å betra norskfaget, men éin ting ligg fast: elevane må få ein eigen karakter som viser kva dei kan, anten som standpunkt eller gjennom eksamen, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Han meiner stor medlemsvekst er eit tydeleg signal om at nynorskbrukarar stiller seg bak standpunkta til Noregs Mållag om sidemålet og utviklinga av norskfaget.

Den største auken finn me i Bergen og i Oslo.

– Bergen Mållag er høgst på vervetoppen med heile 286 nye medlemer. Vi har alt å takka vervekampanjen til Oddny Miljeteig, gruppeleiar for Bergen SV. Sjølv står ho ansvarleg for å verva 333 nye medlemer til Mållaget, og ein del av desse fordeler seg utover landet, seier Håvard B. Øvregård. Klar andreplass har Oslo Mållag med 168 nye medlemer.

– Samla sett i Hordaland har vi om lag 650 nye medlemer. Lokallag som Stord, Voss, Fana, Sotra, Alversund, Kvam og Os har alle opplevd god medlemsvekst siste vekene, seier Martin Årseth, leiar i Hordaland Mållag. I 2011 var det 10 433 betalande medlemer i Noregs Mållag.