Rock n’ LOL løftes til nye høyder

Festivalavis, to scener, gårdsdans og mange fete band er klare for Rock n’ LOL på Søteland.

Rock n’ LOL arrangerast for femte gong 15.-16. juli i sommar, og programmet til årets festival blir offentleggjort og komplett denne veka.

Tidlegare denne veka blei fire band med lokal forankring + eit band frå hovudstaden klar:

KingCalling – eit nytt og svært spanande band frå Os

Cockroach Agenda – Eggstockvinnarane frå i fjor

Bone Shakers – framadstormande, ekte søftelandsrock

Manheads – lokale heltar snart klare med debutalbum

Lukestar – Spelemannvinnarane frå 2008 er ute med nytt, fantastisk album

Torsdag  blei da klart at Feilfødt frå Smestad, Oslo kjem. Knalltøff ”bajas-hardcore”, som dei sjølv kallar det.

Og i dag slepp vi dei to siste banda og seier oss svært nøgd med årets booking. Frå Stavanger kjem dei lovande metallkarane i Overthrow og siste band ut er bergensbandet Dig Deeper, melder Rock n’ LOL i ein pressemelding.

– Som om ikkje det er nok har vi nye oppgraderingar og forbetringar på gong. I fjor oppgraderte vi med ei svær scene og endå betre lyd. I år klinkar vi til med endå ei scene og presenterar det vi har vald å kalle ”Gardsdans”.

– For å auke kvaliteten på festivalen og årets 5-års jubile, og ikkje minst for publikum, legg vi opp til to scener med konsertar vekslande frå Hovudscena og Teltscena. Det blir med andre ord mogleg å sjå konsertar heile tida!

– Når kvelden nærmar seg slutten og siste band går av Hovudscena er det for nokon på tide å gå heim. For dei som vil fortsette den elleville festen lagar vi klart til ”Gardsdans” i teltet med den nye scena. DJ-ane Thomas Urv og Skatebård lokkar ut dei aller siste dansekreftane i deg og sørgjer for at du får dansa deg inn i natta!

– Vi har heilt nye nettsider klare for lansering innan veldig kort tid og i tillegg driv vi i desse dagar på med å ferdigstille vår heilt eigen festivalavis, som etter planen kjem ut i starten av juni, seier dei i pressemeldinga.

Rock n’ LOL 2011:

Ida Maria                                           Kråkesølv

Fjorden Baby!                                 Lukestar

Wolves Like Us                               Razika

Norma Sass                                      Death By Unga Bunga

ORBO & the Longshots                Neoplasma

Jeroan Drive                                    Tôg

Dig Deeper                                        Major Parkinson

Bone Shakers                                   Manheads

Overthrow                                       Cockroach Agenda

KingCalling                                       Feilfødt

Dj Thomas Urv                               Dj Skatebård

Under ser du videoen til «Flying canoes» fra Lukestar: