
Oppført i strid med løyvet
Det stod eit stort naust på om lag 120 m2 på tomta frå før. Eigaren fekk løyve til å rive dette naustet og føre opp eit nytt naust på 65 m2. Han bygde eit naust på 90 m2, i strid med løyvet.Politisk utval sa nei til etterfølgjande søknad om naust på 90 m2 på grunn av storleiken. Det er dette vedtaket Fylkesmannen no har gjort om.Her finner du bilde og vedtaket i sakenKonkret vurdering
Fylkesmannen har vore på staden, og løyvet er gjeve ut frå ei konkret vurdering av tilhøva i saka. Fylkesmannen legg i si vurdering særleg vekt på at det tidlegare har stått eit svært stort naust av eldre dato til nedfalls på staden, og at tomta er avsett til naustområde i overordna plan. Tiltaket treng difor ikkje dispensasjon.
Det nye naustet er noko mindre enn det førre naustet, men søkjar har elles hatt som mål å føre opp eit naust med tilnærma lik utforming som det førre. Fylkesmannen meiner naustet, trass i storleiken, har ei svært enkel utforming. Naustet er også bygd opp kring eksisterande skinnegang og vinsj.Fylkesmannen meiner det ikkje ligg føre grunnlag for avslag. Tiltakshavar har då eit rettskrav på å få byggjeløyve etter plan- og bygningslova.