Hordaland hadde den største auken i talet på diagnostiserte klamydiatilfelle frå 2009 til 2010. At talet stig, kan mellom anna tyde på at fleire testar seg, melder Fylkesmannen i Hordaland.Høge klamydiatal
På landsbasis er talet påviste klamydiatilfelle stabilt høgt, og 22 527 i Noreg fekk stadfesta at dei hadde klamydia i 2010. Flest var kvinner, men det er òg fleire kvinner enn menn som tek klamydiatest.Fleirtalet av dei som har klamydia merkar ikkje symptom, og kan dermed gå med infeksjonen lengje utan å vite det. Klamydiainfeksjon er lett å behandle med antibiotika, medan ubehandla klamydiainfeksjon i verste kan fall føre til sterilitet. Det er difor det er så viktig med tidleg diagnose og behandling.Satsar på testing
I 2010 løyva Fylkesmannen i Hordaland 150 000 kroner til ei satsing i Bergen kommune for å auke kunnskapen om klamydia blant ungdom og få fleire til å teste seg.

Ved studiestart hausten 2010 fekk studentar i Bergen kondom og informasjonsbrosjyrar om klamydia. Denne våren har kommunen ei kampanje på Facebook som oppmodar ungdom til å ta klamydiatest. Satsinga er del av ”Plan for bedre seksuell helse 2011-2014”.
Gratis test og behandling
Ungdom under 25 som er seksuelt aktive, kan med fordel teste seg kvar gang dei bytar partnar for å førebyggje komplikasjonar og unngå å smitte andre. Både test og behandling er gratis.
Bruk av kondom er det viktigaste tiltaket for å hindre spreiing av klamydia, sidan dette tryggjer mot smitte.
Les meir om klamydia på nettsidene til Folkehelseinstituttet