Har samlet inn over 200 000 kroner

Kronerullingen til ankesak for Erik Tysse har rundet 200.000 kroner.

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

Initiativtakarane til kronerullinga er godt nøgd med at det tok knappe åtte veker før summen nådde 200.000 kroner til Erik Tysse si ankesak etter dopingdommen frå NIF 1. februar i år, melder dei i ein pressemelding.

Fleire hundre bidrag er mottatt til kronerullinga gjennom innskot på kronerullinga si bankkonto.

Bidraga kjem frå både enkeltpersonar og firma, frå heile Norge og frå utlandet.
I tillegg er det samla inn pengar på bøsser i lokalmiljøet i Os.

Dei innsamla midlane skal vera med å finansiera kostnadane i samband med ankesaka ved den internasjonale voldgiftsretten for idrett (CAS) i Lausanne.

Ein reknar med at dei totale kostnadane knytt til ankasaka blir minst ein halv million kroner. Initiativtakarane vonar å bidra med minst 250.000,- gjennom denne kronerullinga, og oppfordrar alle som støttar Erik si sak om å gi sitt bidrag.

Erik Tysse har fått brei støtte i det medisinske fagmiljøet, både i Norge og i utlandet.

Aksjonen har oppretta eigen nettside: www.kronerulling.net