Klypa er tilbake

I fjor var Klypa på plass på Tysnesfest med sin herlige herlig galskap. I år kommer han tilbake og blir i to dager. SE VIDEO!

 

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

 

Med si blanding av videosnutter, standup og musikkinnslag har Thomas Ryste og resten av gjengen bak Klypa funne ei suksessoppskrift, som Klypas store fanskare aldri ser ut til å få nok av.

Etter 19 månader på turne og 40.000 selde billetter med det tidlegare showet, er Klypagjengen klar med enda meir galskap i «Laaangt over streken!!».

I det nye Klypa showet får du møte dei faste Klypa karakterane: Den karismatiske bussjåføren Kjell «Kjellen» Bigset, rånaren Palle og Strila-Petter. Denne gongen har Kjellen prøvd seg på campinglivet, Palle gjere sitt beste for å få tilbake sertifikatet han mista, og Strila-Petter har starta som krabbefisker. Tradisjon tru går ikkje dette smertefritt føre seg. Som vanleg er livet og kvardagen ein stor utfordring for karakterane i Klypa.

Klypa kjem til å halda 2 stk førestillingar i bermunda teltet. Tysnesfest er svært nøgde med at Klypa avlyste ferien og tok seg tid til å besøka Tysnes.