Flere korps kommer til Os i forbindelse med korpstreffet til Os Musikkforening i helgen.
Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook
Os musikkforening ynskjer velkommen til korpstreff førstkomande søndag 3. april. Vi får då besøk av Alversund Musikklag, Lungegaarden Musikkorps og Bergens Musik Corps.
Konserten finn stad i gymnastikksalen på Os barneskule, og byrjar kl. 17.00.
Lungegaarden Musikkorps vert første korps å høyra på konserten. Korpset er Bergens største og mest tradisjonsrike musikkorps, eit janitsjarkorps med over 60 musikantar. Korpset har 100-års jubileum neste år. I april skal korpset delta i NM for janitsjar i Trondheim og dei vil derfor presentera NM-programmet sitt for oss. Dirigent er Stian E. Svendsen.
Alversund Musikklag er eit noko mindre korps, også med janitsjar besetning. 24 medlemer feirar i år 110-års jubileum med ein festivaltur til Spania i oktober. Dirigenten deira er Robin Ingebrigtsen Monsen.
Bergens Musik Corps har ca. 30 medlemer. Musikarane kjem frå forskjellige amatørkorps i Bergen, og i tillegg har dei også ein del pensjonerte profesjonelle musikarar. Korpset har som mål å framføra korpsmusikk frå slutten av 1800-tallet og første halvdel av 1900-tallet. Dei arbeider med å få til ein instrumentbesetning som samsvarar med det som tidlegare var vanleg i norske og svenske militærkorps, og for å få dette til har dei teke i bruk ein del eldre instrumenttypar. Dirigent for korpset er Truls Tønnessen.
I tillegg vil sjølvsagt Os Musikkforening også bidra med ei eiga avdeling, leia av våre eigen dirigent, Rune Hannisdal.
Konferansier, Mette Samdal, vil knyta saman det heile for oss.
Pause med sal av kaffi og kaker vert det også tid til.
Vi gler oss! Velkomen!
Os musikkforening.