Pengene renner inn

Kronerulling har gitt over 100 000 kroner.

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

Kronerullinga til ankesak for Erik Tysse har nådd 100.000,-.
Initiativtakarane er godt nøgd med at det berre tok to og ei halv veke før summen nådde 100.000,- til Erik Tysse si ankesak etter dopingdommen frå NIF 1. februar i år.

Fleire hundre bidrag er mottatt til kronerullinga gjennom innskot på kronerullinga si bankkonto.

Les og: Hjelper Erik

Bidraga kjem frå både enkeltpersonar og firma, frå heile Norge og frå utlandet.
I tillegg er det samla inn pengar på bøsser i lokalmiljøet i Os.

Dei innsamla midlane skal vera med å finansiera kostnadane i samband med ankesaka til den internasjonale voldgiftsretten for idrett (CAS) i Lausanne.
Ein reknar med at dei totale kostnadane knytt til ankasaka blir minst ein halv million kroner.

Initiativtakarane vonar å bidra med minst 200.000,- gjennom denne kronerullinga, og oppfordrar alle som støttar Erik si sak om å gi sitt bidrag.