Julekonsert i Os kyrkje!

Søndag kan osingene få oppleve Os Musikkforening og Lysekoret i skjønn forening.

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

Søndag 5. desember klokka 18 ynskjer Os Musikkforening velkomen til julekonsert i kyrkja.

Orkesterverkstaden opnar konserten med blant anna ein kanon og eit par tradisjonelle engelsk juletonar. Nye Stryken kjem så med ei eiga avdeling. Orkesterverkstaden og Nye Stryken jobbar på prosjektbasis, som vil seia at dei møtest til øving i periodar fordelt utover året. Dette er deira første prosjektperiode i haust. Alderen på medlemene i Orkesterverkstaden spenner frå 6 år til 70 + ! Dei vert leia av sin mangeårige dirigent Johann Sebastian Blum.

Med oss på konsert i år har vi også invitert Lysekoret. Dei vil syngja eit knippe med velkjende norske julesongar, den svenske ”Jul, jul, strålande jul”, samt ”Himlen i min famn”, som er gjort kjend av Carola. Dirigenten deira heiter Lenamaria Gravdal. Ho kjem opprinneleg frå Sverige, er utdanna innan korleiing og kyrkjemusikk, og jobbar til dagleg som organist i Åsane menighet i Bergen. Lenamaria har leda koret sidan hausten 2008. Vi gler oss til å høyra dei!

Janitsjarorkesteret til Musikkforeningen blir leia av vår dirigent Rune Hannisdal. Vi får mellom anna høyre kjende juletonar, Amazing Grace, samt ”Concert Prelude” av Philip Sparke, før vi byd på fellesnummer saman med Lysekoret – ”God bless the child” av Arthur Hertzog og Billie Holiday.

Adventslysa skal også tennast, og det vert høve for publikum til å delta i nokre av våre vakraste julesongar. Så ta med deg heile familien i kyrkja sundag kveld, og la julestemninga siga inn!

Velkomen til julekonsert i Os kyrkje søndag kl. 18.00!

Os Musikkforening