Inspirerende samarbeid

Til helgen slår Os og Kuventræ Skulekorps og Midtun Skoles Musikkorps seg sammen og gir osingene en flott tegnefilmkonsert i Fjellheim.

 

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

Komande helg slår Os og Kuventræ Skulekorps og Midtun Skoles Musikkorps seg saman til eit kjempestort og velklingande janitsjarkorps. Dei har i løpet av hausten førebudd seg kvar for seg, men har allereie også hatt 2 fellesøvingar. Til helga vert det først øving fredag kveld og heile lørdagen, med påfølgjande konsert i Fjellheim på ettermiddagen, med reprise i Fana kulturhus søndag.

Dei to korpsa har svært mykje til felles. Begge opplever flott oppsving når det gjeld rekruttering, begge er janitsjarkorps med nær 70 medlemmer fordelte på hovudkorps, juniorkorps og aspirantkorps, og begge vert leia av unge, dyktige kvinner. Haldis Bårdsen er dirigent for Os og Kuventræ medan Siri Godø Wiik svingar taktstokken for Midtun. Korpsa vart begge stifta på slutten av 50-talet, og begge har venta med lengt på å få spela heimekonsertane sine i skikkeleg konsertsal. Osingane ser fram til å flytta inn i Oseana i løpet av 2011, og dei vil no få prøva seg i det strålande flotte og flunkande nye Fana kulturhus. For konserten på Os lørdag er det framleis Fjellheim som gjeld.

Det vert det same musikalske innhaldet i begge konsertane, og vi kan lova at her vert noko for einkvar smak, ikkje minst for dei som likar filmmusikk. Det vert mellom anna kjenningsmelodiar frå filmar som The Incredibles og Flåklypa, vi får høyra frapperande klarinettspel i Clarinet Candy, og vi får ei sunn påminning frå Karius og Baktus. I opningsmarsjen vert det å heia fram Snoopy for president, og det kan tørkast ei tåre når vi får høyra Can you feel the love tonight frå Løvenes konge. Musikantane vil sjølv leia oss gjennom konserten, og til avslutningsnummeret (Muppet Show) har dei yngste musikantane laga songtekst som seier alt om kva korpsmusikken betyr for dei:  Vi spiller i musikkorps, på mange instrument, Vi lager melodier – og vi har det kjempegøy!»

Laurdag er det Fjellheim og på søndag Fana kulturhus! Kom og ha det både fint og kjempegøy!!

Vel møtt!!

Helsing

Midtun Skoles Musikkorps/ Os og Kuventræ Skulekorps