Filmfestival for siste gang i Fjellheim

For siste gang blir det arrangert filmfestival i gamle gode Fjellheim 6.-13. november og det mangler ikke på spennende innhold.

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

Den vesle, sjamerande WT-festivalen på Os skipar til den tolvte internasjonale filmfestivalen i Fjellheim 6. – 13. november.

I overkant av femti filmar frå 15 ulike land – frå Honduras til Israel til Noreg – skal visast i løpet av festivalveka, og det blir som vanleg både fagleg program i samarbeid Vestnorsk filmsenter, eigne barnevisningar, og filmquiz og filmfestar.

Sjølve opninga, med opningsfilmen FOUR LIONS (som kjem på kino heile landet bortsett frå i Bergen) frå Storbritannia og vernissage av festivalutstilling ved biletkunstnarane Vicky Pridmore og Tina Bøe Buer, finn stad laurdag 6. november kl 1900, og høgtideleg galla med prisutdeling avsluttar festivalen laurdag 13. november kl 2000.

Dette er siste gong det vert skipa filmfestival i kulturhuset Fjellheim (reist 1938), så WT-festivalen skal også markere seg ut av byggjet med sin sedvanlege stil.

WT-FESTIVALEN skil seg ut frå alle andre filmfestivalar i Noreg, med fri entrè på alle filmar og opne arrangement, og fri påmelding. Vi har eit ope og frisinna syn på alle innsende bidrag, som dei siste åra har kome frå alle verdshjørne (med unntak av Antarktis, men vi har enno ikkje lukka den døra heilt). I tillegg er vi vidkjende for vår makelause, landlege sjarm og dønn folkelege glamour.

Mellom høgdepunkta må det nevnast:
*Pål Winsents sin siste og sterke film FÅ MEG FRISK! om lidinga ME. Som vanleg køyrer vi påfølgjande møte med filmskaparen og refleksjon, der mange politikarar og fagfolk er inviterte, deriblant helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Filmen kjem også på NRK seinare i år.

*Dei to The Pirate Bay-filmane NASTY OLD PEOPLE og DU SKÖNA har fått mykje merksemd i media for sin alternative distribusjonskanal, og båe filmane er representerte på fesivalen – for høvet direkte lasta ned frå den omstridte fildelingstenesta (vel og merke med filmskaparane si velsigning).

*Den lokale barnebokfiguren Kald Kaffi Sauen har invitert til filmkonkurranse for barn og barnehagar, og vi ser med spenning fram til dei mange bidraga. Vinnaren skal kårast av ein jury beståande av barn i alderen 4 og 5. Sjå meir informasjon på http://wt-festivalen.no

*Arild Mehn-Andersen og Helge Hjelland kjem attende til festivalen med nok ein farleg reise over Afrika, denne gongen i DEN UMULIGE REISEN på tvers av Sør-Afrika i kajakk.

*KICK IN IRAN, ein sterk dokumentar om den første kvinnelege OL-deltakaren frå Iran – som deltok i OL i Beijing i Taekwando.

*HAYERIDA, ein tungsindig film om ein familie som vitjer sin avdøde son sine yndlingsstadar for å velje ut ein gravstein til han. Denne filmen vann Sølvbjørnen ved Filmfestivalen i Berlin tidlegare i år.

*Ungdomsvisning av KEEPER’N TIL LIVERPOOL.

*ROCK’N’REEL, ei feiring av rock og film, med musikkdokumentaren 6FT HICK om det meist lurvete rockabillybandet i Australia, og mimring og klipp frå Søfteland Rock’N’Lol. DJ Andy Lindborg frå Rock’N’Lol kronar kvelden på ein heidundrandes rockefest.

*Gjestar frå fjern og nær vitjar WT-FESTIVALEN! Som vanleg ventar vi fintfolk frå Det store utland såvel som representantar for filmmiljøa i Bergen, Stavanger og hovudstaden, men legg atter trykk på at dette er ein publikumsfestival der det ikkje finst VIP-område, og alle skal med ned den raude løparen og på galla og mottaking.

Blant gjestane finn vi: Erik Anderson kjem frå Canada for å presentere sin spelefilm THE SECOND TIMES OF TROUBLES. Alex Ross kjem frå Tyskland med sin til dels sjølvbiografiske spelefilm TOM ATKINS BLUES. Nilas Djervig-Chamby kjem frå Danmark med kortfilmen MISS AFRICA 2009. Karina Astrup kjem frå Australia med musikkfilmen 6FT HICK. Ben Woodwiss kjem frå England med kortfilmen YOU LOOK AND YOU THINK, med mellom anna Victoria Winge i ei av rollene. Ida Kleppe kjem heilt frå Bergen med dokumentaren Europas Bakgård.

Vi kokar i hop eit breiddt og tilgjengeleg program som skal femna om dei fleste lag i samfunnet. Mellom anna finn ein fleire eigne arrangement for barn, ungdom, skular, bransje, eldre og pleietrengande økonomiske tider er vi meir aktuelle enn nokon gong, så staden for den gode filmopplevinga er i 2010 som før så desidert Os!, samt eit nostalgisk kulturprogram.

Filmfestar, seminar, filmquiz, festivalkafé og -bar, og festivalutstilling med lokale kunstnartalent står òg i fokus, og alt er lagt til rette for at det også i år blir ei feiande flott siste festivaloppleving i det tradisjonsrike kulturhuset i Os.

Alt dette gratis? Ja, det er WT-FESTIVALEN sin visjon at knakande gode kulturtilbod ikkje treng kosta fletta. No i vaklande økonomiske tider er vi meir aktuelle enn nokon gong, så staden for den gode filmopplevinga er i 2010 som før så desidert Os!