Konsert med gjestemusikere

Janitsjarorkesteret til Os Musikkforeningen skal snart ut i konkurranse. Søndag tar de «generalprøven» på en konsert i Fjellheim.

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

Janitsjarorkesteret til Musikkforeningen skal delta i korpskonkurransen ”JAN-AM” i midten av november, og i det høvet treng vi konserttrening med eit stort og flott publikum!

Med oss på konsert har vi denne gongen fleire gjester. Kleppe Musikklag frå Askøy vitjar oss med eit spennande program. Dei byr på både norsk og utanlandsk musikk, lett og variert. Korpset er eit Brass Band, og dei feira nyleg 45- års jubileum. Dei vert leia av Rune Hannisdal, som også er vår eigen dirigent. Vi gler oss til å høyra dei!

Så får vi også vitjing av dei velkjende karane i ”Tre med skjegg og ein utan”. Med Harald Lyssand i spissen vil dei syta for stemning som kan høva for ein Halloween – kveld!

I tillegg til den musikalske opplevinga vert det også høve til å slå av ein prat med kjentfolk og andre musikkvener. Som vanleg ved Musikkforeningen sine konsertar, vert det sjølvsagt pause, der ein kan få kjøpt kaker, brus og kaffi. Så ta med deg heile familien til ein hyggjeleg haustkveld i Fjellheim saman med oss!

Velkomen til konsert søndag kl. 18.00!

For Os Musikkforening

Kjersti Aak Garlid