Flygende bamse for mere blod

Til helgen blir det sykestue for kosebamser og en bamse skal ut og fly på Ulven.

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

Kosebamsen til Johannes på 4 år kjem til Os laurdag 23. oktober som ledd i Røde Kors sin blodgivarstafett ”Løp for livet”.

Denne gongen skal bamse FLY for livet – takka vera Os Aero klubb. Saman med Os Røde Kors ynskjer klubben velkomen til eit familiearrangement på Ulven på laurdag frå klokka 12.00 – 14.00.

Dei som har sjuke bamsar, kan få dei friske att på eit bamsesjukehus som opnar kl. 12. Kl. 12.30 skal Bamse på vengene. Undervegs blir det servert pølser, lefser, kaffi, saft – og bamsegodt, sjølvsagt!

Johannes har sendt bamsen sin ut på tur fordi han er alvorleg sjuk og treng regelmessige blodoverføringar for å overleva. Noreg har 93.000 blodgivarar, men det trengst heile 30.000 fleire. Mangel på blod set beredskapen i fare og skaper problem for både sjukehus og pasientar.