Ny barnebok fra Bente Bratlund

Bente Bratlund begynte å skrive for de minste da hun ble bestemor. I høst kom hun ut med boken Mons Marius er ei løve som har fått gode omtaler.

 

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

Mons Marius er ei løve er ei gjette- og tøysebok som går rett inn i barns verd. Tekst og bilete samarbeidar tett om å fortelje ei historie både born og vaksne kjennar seg att i, og frydar seg over.

– Eg har aldri skrive for så små barn før, fortel Bente Bratlund. Men så blei eg bestemor! Det er utfordrande og disiplinerande å skulle skrive så lite tekst, det er kanskje endå meir krevjande enn å skrive mykje, ler ho. Eg kom eigentleg til forlaget med dikt for små born, men ideen om ei biletbok tok etter kvart form. Eg synest illustrasjonane er fantastiske, seier ho til Nynorsk.no.

Det er Stina Langlo Ørdal som har teikna alle dyra.

– Eg er så begeistra for ungane sin strek, fortel ho. Det spontane og direkte i måten dei teiknar på, prøver eg å ta med meg når eg arbeider. Eg hadde høve til å komme med innspel til manuset, men det gjorde eg ikkje. Eg synst det var fine dyr! Eg er kanskje mest glad i skjelpadda, fortel ho. Så tenkjer ho seg om. Og blekkspruten! Eg liker så godt å illustrere for born, eg kjenner at eg har stor kunstnarleg fridom . Det er likevel eit stort ansvar å teikne for ungar, avsluttar Stina.