Historisk rektortreff

Denne uken møttes et fint knippe med gamle rektorer. Gamlerektoren ved Os Gymnas var også på plass.


– Det er berre 21 år sidan eg slutta, seier pensjonert rektor ved Os gymnas, Henning Henriksen. Han og 34 kollegaer møttest 27. september til eit historisk rektortreff på Nordahl Grieg videregående skole.

Første gong
– Dette er første gongen Hordaland fylkeskommune arrangerer eit treff for pensjonerte rektorar. Vi har nærmare 100 på lista vår, og 35 av dei kunne møte her i dag. Dette er ein historisk dag, seier opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.

Den gode praten
Opplæringsdirektøren ønskte å vise fram det nye flaggskipet til Hordaland fylkeskommune, den nyopna Nordahl Grieg videregående skole. Dei pensjonerte rektorane fekk omvising og servering, men så mykje program var det eigentleg ikkje behov for. Den gode praten og det sosiale mellom tidlegare kollegaer var det viktigaste.

Hugsar dei aller fleste igjen
– Eg kjenner godt Henning Henriksen. Vi studerte saman på Universitetet i Bergen på 50-talet, seier Magnus Bøe, som var rektor på Lindås gymnas. Dei to har funne plass rundt bordet og praten går livleg om tidlegare tider. Dei to er dei eldste på rektortreffet.
– Eg skal seie det så ærleg som eg kan. Eg er 87 og eit halvt år, fødd i 1923, seier Henriksen.
– Eg er to år eldre, 89 år og fødd i 1921, repliserer Bøe.
– Det er svært kjekt å få vere her i dag. Eg har spurt alle om kven dei er, for synet er dårleg, men eg hugsar dei aller fleste igjen, seier Henriksen. Han og Bøe har vore pensjonistar i 21 og 23 år.

Bygde opp reformgymnaset i Bergen
– Overgangen frå å vere rektor til å bli pensjonist gjekk greitt. Eg var først rektor på Hammerfest gymnas i ni år og bygde opp det første gymnaset i byen. Deretter var eg rådgjevar på Bergen katedralskole i seks år og fekk i gang reformgymnaset. I 1975 vart eg rektor ved Os gymnas og var der i 14 år, seier Henriksen. Bøe reiste også til Nord-Noreg etter hovudfag og hamna i Alta. Dei to heldt kontakten i Nord-Noreg og vitja kvarandre.

Lærar under krigen
Alt som 20 åring starta Henriksen lærargjerninga på øya Ånuglo i Tysnes under krigen. Då freden kom, var han lærar på realskulen i Rosendal, så bar det av garde til Danielsen skole i Bergen, før han studerte og tok hovudfag i norsk, med tysk og historie som dei to andre faga.

50 årsklassejubileum
– Eg har likt å jobbe i skulen. Det har vore ei god tid, men no er eg blitt litt dårleg til beins. I sommar ville eg reise åleine til Hammerfest på 50 årsklassejubileum for den første gymnasklassen i byen der, men eg fekk ikkje lov utan å ta barnebarnet mitt med. Det var kjekt å treffe den gamle klassen att. 16 av 18 elevar møtte og eg hugsa kvar einaste ein. Dei er no mellom 68 og 72 år gamle, seier Henning Henriksen.