Åpner brannstasjonen for publikum

I forbindelse med årets Brannvernuke åpner Os brannvesen opp brannstasjonen for publikum.

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

345 brannstasjonar over heile landet opnar portane for publikum under Brannvernveka 20.- 25. september. Brannvesenet ønskjer å inspirere born og vaksne til å sjekke branntryggleiken og ha brannøvingar heime.

– Dei siste åra har vi sett ein forsiktig nedgang i talet på bustadbrannar, men dessverre ein uhyggjeleg auke av omkomne i brannar. Open dag på brannstasjonen gir oss eit eineståande høve til å kome ut med eit viktig brannførebyggjand bodskap no som vi går inn i den tida på året då talet på bustadbrannar normalt aukar, seier Anne Kjerst Storebø, leiar for brannførebyggande avd. i Os kommune.

Brannøvingar står sentralt i den landsomfattende kampanjen. I tillegg til open dag på brannstasjonane, vert det arrangert ei nasjonal brannøving med over 300 000 deltakarar i

3 000 bedrifter, skular, barnehagar, institusjonar og offentlege kontor landet rundt. Brannvesenet utfordrar samtidig fleire til å ha brannøvingar også heime i sin eigen bustad.

– Borna har brannøvingar i barnehagen og på skulen, medan mange vaksne har jamleg øvingar på jobb. Men det er heime vi oppheld oss mesteparten av døgnet, og det er der brannfaren er klart størst. Derfor burde det vere opplagt at vi har brannøvingar heime og, seier Storebø og oppmodar alle familiar til å bli med på den nasjonale brannøvinga.

Åpen brannstasjon 19. september 2009

Brannstasjonen sin open dag er lagt opp som ein familieaktivitet. Her får born og vaksne opplæring i korleis dei kan sikre heimen mot brann. Konkurransar og prøvesitjing i brannbilar er noko av det ein kan oppleve. Dessutan vert det delt ut brannverncaps til borna.

I vårt distrikt er det Os brann- og redningsvesen som står for gjennomføring av arrangementet. Her inviterer vi til open dag på Os brannstasjon lørd 25 sept. 2010 frå kl 1100 – 1400.