Klar for elbil?

Det er ikke mange elbiler i Os, men når det nå kommer 24 nye ladepunkt, burde det absolutt være grunnlag for flere.

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

Torsdag 9. september deltok ordførar Terje Søviknes på den offisielle opninga av dei to første ladepunkta for el-bilar på Os vidaregåande skule. Total kjem 24 nye ladepunkt i Os kommune.

No har vi i fellesskap lagt infrastrukturen. Osingane har ikkje lenger grunn til å la vera å kjøpa elbil no, meiner Os-ordførar Terje Søviknes.

Tiltaket er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Os kommune og BKK. Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, prosjektansvarleg i BKK Bengt Otterås og Terje Søviknes stod for markeringa ved skulen på Kolskogheiane med ein stor flokk nyfikne og engasjerte elektroelevar som tilskodarar.

Klimatiltak
Os kommune vedtok i vår oppstart av Klima- og energiplan. Oppstartmøtet fann stad 31. august. Fylkestinget i Hordaland har nyleg vedteke ein Klima- og miljøplan. Planen legg opp til ein reduksjon i utsleppa av klimagassar på 30 prosent i 2030, samanlikna med i 1991. Tilrettelegging for auka bruk av elbilar er eit viktig tiltak for å nå klimamåla. Ladepunktprosjektet er eit eksempel på at planane blir følgde opp og at tiltak for elektrifisering av transportsektoren vert sette ut i livet.

– Dette er morgondagens bil. Vi treng innbyggjarar som er medvitne på eigen energibruk og som ønskjer å bidra til å redusera utsleppa. Dei som ønskjer å bidra, skal oppleva det som einkelt å gjera ein innsats. Saman med økonomiske stimuleringstiltak som avgiftsfritak i bomringen og gratis parkering, vonar vi at dei nye ladestasjonane vil gjera det meir attraktivt å investera i miljøvenlege bilar, sa Tom-Christer Nilsen under markeringa.

BKK har teke rolla som søkjar, koordinator og prosjektleiar på vegne av Hordaland fylkeskommune og Os kommune.

I fylgje Transnova.no og gronnbil.no er det frå før registrert 2 ladepunkt i Os (Os Amfi) og sju elbilar.

Dei to nye ladepunkta er montert ved Os vidaregåande skule. Heile 18 av ladepunkta vil koma i tilknyting til kommunen sine eigne bygg. Os gymnas får også ladepunkt.

Her kjem dei nye ladepunkta i Os:

Os vidaregåande skule (4)

Os gymnas (2)

Luranetunet (4)

Nore Neset skule (2)

Os ungdomsskule (4)

Osbadet (2)

Rådhuset (2)

Søfteland skule (2)

Søre Øyane skule (2)