Idrettsstipend til lokal syklist

Fusa idrettsråd sitt idrettsstipend for 2009 gikk fredag til syklist Ørjan Borgen Nordtveit (21 år) som representerer Fana IL.


For 9. gong deler Fusa idrettsråd ut eit eit idrettsstipend i samarbeid med Sparebanken Vest. Stipendet er på kr 10.000,-. For første gong vert det berre delt ut eitt stipend. Leiar i Fusa idrettsråd Gunnar Hansen fortel at dette er eit medvite val frå idrettsrådet for å gjera stipendet meir attraktivt og heva statusen. Tildelinga fann stad i Sparebanken Vest sine lokale i Eikelandsosen fredag 12. mars.

For 2009 gjekk stipendet til den talentfulle syklisten Ørjan Borgen Nordtveit, og det er første gang stipendet går til ein syklist. Han starta syklinga i Fusa sykkel, men representerer i dag Fana idrettslag. Han går no inn i sin tredje sesong som aktiv syklist. Han har alt fått med seg eit kretsmeisterskap i karrieren, men ambisjonane er større og målet er å koma inn mellom dei 10 beste i norgescupritt alt i 2010. Sesongen startar for fullt med Fana sykkelfestival 24. april der eitt av ritta tel med i Norgescupen.

Treningsforhlolda har vore vanskelege her heime i vinter, og saman med elitegruppa i Fana har han vore på treningsleir i Altea i Spania. Om nokre dagar går turen til Gran Canaria og terrengsykling. Etter påske er det ny samling og ritt i Belgia.

Avdelingsbanksjef Jostein Djupvik ønskte lukke til i sesongførebuinga og håpte pengane kom godt med. Han meinte også at Ørjan var eit godt førebilete for alle unge med sykkelinteresse, og at han kan inspirera andre til å satsa på sykkelidretten.

Ørjan Borgen Nordtveit takka for hjelpa frå idrettsrådet og den lokale banken, og sa at han er veldig engasjert i det som rører seg lokalt. Han har sitt eige terrengritt heime på Baldersheim, «Joråsen rundt», og han kunne avsløra at han har laga den nye nettsida til Fusa sykkel www.fusasykkel.no.

Ørjan lova at det lokale sykkelrittet «Våganipen rundt» 12. juni står på terminlista hans for 2010 som perfekt oppkøyring til NM. Vi ønsker lukke til!

(Pressemelding)